Vatndalsdammen: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til en kategori |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 20: | Line 20: | ||
[[Kategori:Næringsliv i Bykle]] | [[Kategori:Næringsliv i Bykle]] | ||
[[Kategori:Kraftverk]] | [[Kategori:Kraftverk]] | ||
[[Kategori:Turistattraksjoner i Setesdal]] | |||
Versjonen frå 14. april 2018 kl. 10:08



Vatndalsdammen er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatndalsvatnet i Bykle. Den er 120 meter høg og er ein av dei høgaste dammane i Europa. Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Vatndalsdammen (hoveddam og sekundærdam) vart opna 4. oktober 1983 av dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen. Etter at dammen vart bygd, har Vatndalsvatnet ein magasinkapasitet på 1150 mill. m³ og reguleringshøgda er 140 meter. Vatnet i dammen vert nytta til energiproduksjon i Holen kraftverk.
Historie
Rettane til regulering av Vatnedalsvatnet stammer frå 1912. I dag er heile Vatndalen neddemt. Den første dammen vart bygd frå 1917 til 1919. I 1943 starta arbeidet med å bygge ein større reguleringsdam. Den vart fullført i 1947 og magasinet hadde då ein kapasitet på 142 mill m³.
Turistattraksjon
Vatndalsdammen er ein turistattraksjon og det er skilt «Dammar» ved riksveg 9 på Berdalsbru som viser vegen til dammen.