Njardarheim: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Mellomnavn
Line 4: Line 4:


== Historie ==
== Historie ==
Forretningsmannen [[Thorvald Heiberg]] (f. 1875, d. 1962) frå Oslo kjøpte i åra 1904-1915 i stort omfang opp ulike eigedomar i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. Til slutt eigde han eit heieområde på rundt million dekar. Oppkjøpa var i første omgang truleg mest økonomisk motiverte. Etter kvart vart Heiberg meir og meir fokusert på villreinen si sak.<ref>[[Magnar Undheim]], ''[[Njardarheim (bok)|Njardarheim]]'', utgjeve av [[Kvæven Bygdetun]], 1999, side 52-54</ref>
Forretningsmannen [[Thorvald Meyer Heiberg]] (f. 1875, d. 1962) frå Oslo kjøpte i åra 1904-1915 i stort omfang opp ulike eigedomar i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. Til slutt eigde han eit heieområde på rundt million dekar. Oppkjøpa var i første omgang truleg mest økonomisk motiverte. Etter kvart vart Heiberg meir og meir fokusert på villreinen si sak.<ref>[[Magnar Undheim]], ''[[Njardarheim (bok)|Njardarheim]]'', utgjeve av [[Kvæven Bygdetun]], 1999, side 52-54</ref>


I 1943 selde Heiberg heile heieområdet til NS-styresmaktene. Eigedomen blei overført til «Stiftelsen Njardarheim Veidemark» ved kjøpekontrakt og skjøte dagsett [[10. februar 1943]].<ref>''Njardarheim'', side 119-122</ref>  
I 1943 selde Heiberg heile heieområdet til NS-styresmaktene. Eigedomen blei overført til «Stiftelsen Njardarheim Veidemark» ved kjøpekontrakt og skjøte dagsett [[10. februar 1943]].<ref>''Njardarheim'', side 119-122</ref>  

Versjonen frå 21. juli 2017 kl. 22:04

Njardarheim («Heibergheiane») er ein svær eigedom staten eig i Setesdal Vesthei, i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. I sør strekker eigedomen seg til Øyarvatnet i Hylestad. I nord går han langt inn i Bykleheiane. Arealet omfattar mange mindre eigedomar og bruksnummer, men er samanhengande og utgjer totalt rundt 1 million dekar.

Statskog har forvaltningsansvaret for eigedomen.

Historie

Forretningsmannen Thorvald Meyer Heiberg (f. 1875, d. 1962) frå Oslo kjøpte i åra 1904-1915 i stort omfang opp ulike eigedomar i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. Til slutt eigde han eit heieområde på rundt million dekar. Oppkjøpa var i første omgang truleg mest økonomisk motiverte. Etter kvart vart Heiberg meir og meir fokusert på villreinen si sak.[1]

I 1943 selde Heiberg heile heieområdet til NS-styresmaktene. Eigedomen blei overført til «Stiftelsen Njardarheim Veidemark» ved kjøpekontrakt og skjøte dagsett 10. februar 1943.[2]

Etter krigen overtok først Erstatningsdirektoratet ansvaret for eigedomen. I 1951 overtok Landbruksdepartementet leiinga. Det var eit eige oppnemnd styre som hadde det utøvande ansvaret. I 1973 blei ansvaret for forvaltinga av Njardarheim overført til Miljøverndepartementet. Men det var framleis eit eige styre som førte tilsyn med eigedomen. I 1985 overtok Direktoratet for Statens Skogar forvaltingsansvaret.[3]

Litteratur

Referansar

  1. Magnar Undheim, Njardarheim, utgjeve av Kvæven Bygdetun, 1999, side 52-54
  2. Njardarheim, side 119-122
  3. Njardarheim, side 123-138