Johans Torkjellson Frøysnes: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Tveit skule |
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Bygland kommune +Døde personer fra Bygland kommune) |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1895]] | [[Kategori:Fødsler i 1895]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1984]] | [[Kategori:Dødsfall i 1984]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]] | ||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori:Bønder]] | [[Kategori:Bønder]] | ||
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 19:23
| Johans Torkjellson Frøysnes | ||
|---|---|---|
| Født: | 1895 | |
| Død: | 1984 (alder 88–89) | |
Johans Torkjellson Frøysnes (fødd 1895, død 1984) var lærar og budde på Frøysnes i Bygland. Han var gift med Bjarnhild Minnie Frøysnes (1904-2002). Dei fekk to born, Anne (f. 1928) og Torkjell Arnfinn (f. 1938).
Johans tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1922. Han var først lærar i Vestby i Trysil, der han møtte kona si Bjarnhild. Etter det var han lærar i Alvdal og i Vegårshei 1923-1927. Sidan var han lærar på Tveit i Bygland til han gjekk av for aldersgrensa i 1962.
I Bygland budde familien fleire stadar. Men etter kvart slo dei seg ned på gardsbruket «Vesle» Nedgarden (bnr. 3) som Johans hadde fått av mor si Anne i 1934.
Johans hadde 13 km arbeidsveg til skulen på Tveit. Først dei siste åra han var lærar fekk han seg bil. Ved sida av læraryrket dreiv han garden. Han var med i heradstyret i ein periode og i overformynderiet.
I 1973 overførte Johans og Bjarnhild garden til sonen Torkjell Arnfinn. I 1978 reiste dei til Trysil, heimstaden til Bjarnhild. Der døydde Johans i 1984. Bjarnhild levde til 2002.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 98-100