Bjørnarå-Optestøyl: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Tilføyd antatt byggepris
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 11: Line 11:
*[http://www.fvn.no/nyheter/lokalt/Klart-for-nytt-storprosjekt-pa-riksvei-9-695083b.html?spid_rel=2 Artikkel på Fvn.no om Stortingsbehandling av utbygginga]
*[http://www.fvn.no/nyheter/lokalt/Klart-for-nytt-storprosjekt-pa-riksvei-9-695083b.html?spid_rel=2 Artikkel på Fvn.no om Stortingsbehandling av utbygginga]


[[Kategori:Riksvei 9]]
[[Kategori:Riksveg 9]]
[[Kategori:Bykle]]

Versjonen frå 1. januar 2017 kl. 09:55

Riksveg 9 Bjørnarå - Optestøyl er eit vegprosjekt som er planlagt gjennomført på Riksveg 9 ved Bjørnarå i Bykle. Planområdet går frå kommunegrensa mot Valle i sør forbi Bjørnarå og nordover til Optestøyl. Lengda på den nye parsellen er ca. 5,1 km. Føremålet med tiltaket er å auke trafikktryggleiken og framkomet på strekninga. Det skal skje ved at ein utbetrar den eksisterande strekninga med ei høgare vegbredde frå 5,5 m til 7,5 m («gul midtstripe»), lagar betre kurvatur, får betre stigningsforhold, aukar vegens bæreevne, betrar siktforholda og etablerer sikkert sideterreng. Alle tiltaka vil i hovudsak skje på eller nær den eksisterande vegen.

Bykle kommunestyre vedtok detaljreguleringsplan for Rv-9 Bjørnarå - Optestøyl i kommunestyremøte 17. november 2016. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 i Stortinget i desember 2016, blei det sett av midlar til oppstart av prosjektet i 2017. Heile prosjektet er kostnadsrekna til ca 110 millionar kroner.

Kjelder

Eksterne lenker