Hornnes idrettslag: Skilnad mellom versjonar
s Faksimile av s. 1 i stiftingsprotokollen |
s Lagt til et par kategorier |
||
| Line 21: | Line 21: | ||
[[Kategori:Lag og foreninger]] | [[Kategori:Lag og foreninger]] | ||
[[Kategori:Sport]] | [[Kategori:Sport]] | ||
[[Kategori:Opphør i 1960]] | |||
[[Kategori:Etableringer i 1945]] | |||
Siste versjonen frå 24. september 2016 kl. 09:51

Hornnes idrettslag var eit idrettslag i Hornnes kommune. Laget vart stifta 30. august 1945. Lagt skulle frå byrjinga drive med friidrett og skisport, og vere med i dei respektive krinsane. Elles var tanken at laget skulle ha tilbod om fotball, handball og turn, utan at ein førebels ville søkja seg inn i desse krinsane. Frå starten var det 21 vaksne medlemer og 12 barn og ungdomar under 18 år. Klubbdrakta i friidrett skulle vere kvit singlet med ein raud H på venstre side av brystet. Buksa skulle vere blå med ein raud strek. Skidrakta skulle vere ein marineblå genser med kvit H på venstre side av brystet.
Torgrim Dåsnes var den første formannen. Elles skal Henrik O. Moseid ha vore ei drivande kraft i laget frå 1945 til han døydde i 1953.
Hornnes idrettslag og Evje idrettslag blei slått saman i 1960, og fekk namnet Otra IL.
Formenn
- Torgrim Dåsnes 1945-1946
- Knut Austegard 1947
- Kjetil Tveit 1948-
- Arne Daasvatn
- Sigbjørn Kjetså -1960
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 25
- Norske skiløpere, utgjeven 1957
- Møtebok for Hornnes idrottslag