Målreisinga i Evje og Hornnes: Skilnad mellom versjonar
s →Setesdal ungdomsskule i målreisingsarbeidet: bilde Jon Løyland |
s →Setesdal ungdomsskule i målreisingsarbeidet: rettet skrivefeil |
||
| Line 31: | Line 31: | ||
== Setesdal ungdomsskule i målreisingsarbeidet == | == Setesdal ungdomsskule i målreisingsarbeidet == | ||
[[Fil:Jon O. Løyland ca 1926.jpg|miniatyr|høyre|Jon Løyland ca 1926. {{Byline|Kopi frå jubileumsboka om Setesdal ungdomsskule}}]] | [[Fil:Jon O. Løyland ca 1926.jpg|miniatyr|høyre|Jon Løyland ca 1926. {{Byline|Kopi frå jubileumsboka om Setesdal ungdomsskule}}]] | ||
[[Olav Arne Kleveland]] skriv i [[Kultursoge for Evje og Hornnes|kultursoga for Evje og Hornnes]] at skulelova av 1889 og målparagrafen i 1892 opna for eit meir offensivt målarbeid, og at det då alt var mange målfolk, særleg blant dei yngre. [[Setesdal ungdomsskule|Amtsskulen]] og lærarane der må få mykje av æra for det. [[Rita Flottorp]] skriv i [[Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga|i | [[Olav Arne Kleveland]] skriv i [[Kultursoge for Evje og Hornnes|kultursoga for Evje og Hornnes]] at skulelova av 1889 og målparagrafen i 1892 opna for eit meir offensivt målarbeid, og at det då alt var mange målfolk, særleg blant dei yngre. [[Setesdal ungdomsskule|Amtsskulen]] og lærarane der må få mykje av æra for det. [[Rita Flottorp]] skriv i [[Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga|i fordjupingsoppgåva si]] at Setesdal ungdomsskule på mange måtar kom til å bli sjølve «krumtappen» i målreisingsarbeidet på desse kantar av landet. | ||
[[Jørgen Løvland]] var ein av dei framste talsmenn for målarbeidet på denne tida, sjølv om han ikkje kunne nytta landsmål i undervisninga i skulen. Men han fann ei løysing på det problemet, og lærde elevane sine å skrive landsmål utanom skuletida. | [[Jørgen Løvland]] var ein av dei framste talsmenn for målarbeidet på denne tida, sjølv om han ikkje kunne nytta landsmål i undervisninga i skulen. Men han fann ei løysing på det problemet, og lærde elevane sine å skrive landsmål utanom skuletida. | ||
Versjonen frå 28. desember 2015 kl. 07:48
Målreisinga i Evje og Hornnes, arbeidet med å få nynorsk (landsmål) inn i skule, kyrkje og administrasjon, kom for alvor i gang etter eit møte i forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank 7. januar 1892.
Bakgrunn
1814 er eit merkeår i Noregssoga. Ei systematisk oppbygging av den nye nasjonen tok til. Eit eige språk og ein eigen litteratur er viktige byggesteinar for eit sjølvstendig land. Noreg hadde ingen av delane i 1814. Dansk språk og kultur dominerte frå før. Nå var nasjonen også truga av svensk påverknad. Ivar Aasen gjekk i gang med sitt store prosjekt med siktemål å etablere eit norsk skriftspråk, eit «landsmål». Han tok utgangspunkt i det han meinte var ein ubroten måltradisjon frå norrøn tid og fram til samtida. Men det var politisk usemje om kva som var «norsk». Knud Knudsen var Ivar Aasens rake motsetning med omsyn til kven som skulle representere det norsknasjonale. Knudsen bygde på talespråket til den sosiale klassen som hadde stått bak og gjennomført 1814, og som var den politisk styrande og kulturelt leiande i det nye Noreg. «Om desse to ulike vegane til eit samla norsk språk stod striden ut heile hundreåret», skriv Rita Flottorp i fordjupingsoppgåva si om målreisinga i Evje og Hornnes i grunnfagstudiet i nordisk frå 2000/2001.
I 1878 vedtok Stortinget at elevane si dialekt skulle leggast til grunn for den munnlege undervisninga i almugeskulen. Dette vedtaket blei eit «springbrett» for «jamstellingsvedtaket» i 1885, då dei to skriftformene blei offisielt jamstelte. Så kom til slutt den såkalla «målparagrafen» i 1892. Lova gav dei lokale skulestyra rett til å avgjere kva for ei av dei to skriftformene elevane skulle ha den skriftlege opplæringa i. «Dermed var dei formelle vedtaka gjorde for at landsmålsrørsla kunne gå i gang med arbeidet for å vinne rom for det skriftspråket som frå 1929 fekk namnet nynorsk», held Rita Flottorp fram.
Den første framstøyten i Evje og Hornnes
Forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank skulle på det nemnde møtet 7. januar 1892 vedta ny plan for banken. Ei nemnd hadde på førehand utarbeidd eit framlegg. Ola G. Lauvland føreslo då at planen skulle omsetjast til norsk bygdemål (landsmål) og leggast fram og gjennomgåast på eit seinare møte. Der skulle det då avgjerast kva for målform planen skulle trykkast på. Futen i Setesdal, Andreas Hølaas, tok på seg omsetjingsarbeidet, der det trongst juridisk kompetanse. «Med den bakgrunn han hadde kan det tenkjast at det er han som eigentleg stod bak framlegget. Han blei med i forstandarskapet som formann året etter. Ola G. Lauvland var kasserar i banken og eldste bror til Jørgen Løvland, så det er ikkje utruleg at også han (Jørgen) kan ha hatt ein finger med i spelet», meiner Rita Flottorp i oppgåve si.
Forstandarskapet samla seg til neste møte 21. mars 1892. Her behandla dei « et af O. G. Løvland fremsat forslag om at Planen for banken omskrives paa Bygdemaal» og «et af Hr. Foged Hølaas udarbeidet Udkast til Plan blev oplæst og vedtaget mod 6 stemmer». Dei som truleg røysta for framlegget var: Lærar Hans Faret, lærar Klemet Syrtveit, lærar Ole N. Løvland, T. Ø. Aaneland, Salve N. Løvland, Ole N. Kleveland, Ole J. Bjorå, Ole T. Fennefoss, Ole N. Galteland, Eirik S. Bjoraa, Notto A. Østerhus, lensmann Olav J. Haavardstad og landhandlar Gunnar O. Abusdal.
Denne første framstøyten kom ut på ei ørkenvandring i samband med godkjenningsprosessen i departementet, og rann meir eller mindre ut i sanden. Men det var altså god grobunn for målreising i bygda på den tida. Dei nemnde forstandarane i banken, med alle sine andre verv og ombod, var politiske og kulturelle tungvektarar og hadde posisjonar i det lokale næringslivet. «Ein må vel elles sjå dette i samanheng med den politiske unionsstriden, der målreisinga var eit viktig «våpen». Ingen av dei skreiv på «landsmål», så vidt ein veit», held Rita Flottorp fram.
To lærarar som påvirka utviklinga
Lærarane spelte ei viktig rolle i målreisinga. Etter kvart blei dei sjølve ryggrada i målrørsla. I Evje kom Anders Tveitstøl (fødd 1858) til å få stor innverknad. Han var lærar i Lauvås og Kleveland krinsar 1883-1899, I Evje og Syrtveit krinsar i 1899-1910 og i Evje krins 1910-1918. Han skreiv mykje i avisene på landsmål, både politiske debattinnlegg og anna stoff. Tveitstøl var med då Egde- og Telelaget blei stifta i 1899. Tobias Smedsland var lærar i Tønnesland, Åpåsdal (Abusdal) og Bjørndal krinsar i Hornnes 1875-1907. Han var ein svært nasjonalt oppteken mann. I åra før 1905 fekk han i stand feiring av 17. mai, med innkjøpte flagg til skuleborna.
Sanitetsforeninga var tidleg ute
I 1899 blei Evje og Hornnes sygepleierforening skipa. Forhandlingsprotokollen frå møtet er førd i pennen på landsmål av Gunstein Uleberg. Det er mykje interessant at dokumentet er skrive på «landsmål», fleire år før landsmålet fekk sin første rettskrivingsnormal.
Gamle segner frå Evje på landsmål
Olav Galteland, ein yngre bror av Torgeir Berulvson, samla og skreiv opp gamle segner frå Evje på dialektfarga landsmål. Han har fortalt at han gjorde dette samlararbeidet medan han arbeidde på futekontoret på Hornnes 1903-1907. «Det er ikkje utruleg at futen Hølaas sette han på tanken», meiner Rita Flottorp.
Skule, administrasjon, kyrkje
Steg for steg vann landsmålet fram. I Evje gjorde skulestyret vedtak om at landsmålet skulle vere opplæringsmål 12. oktober 1912. Hornnes var endå tidlegare ute. Her var avgjerda tatt alt 18. desember 1905. Men dette var ikkje spesielt tidleg. Bygland kommune var den første kommunen i landet som tok i bruk landsmålet i skulen. Det skjedde alt i 1890.
Ein av føregangsmennene for landsmålet i Hornnes var Olaf Kallhovd (fødd 1866). Han var lærar i Hornnes 1887-1931 og fut i Setesdal i 1919, den siste i landet ved sida av futen i Nedenes. Kallhovd sat i heradstyret i 30 år, og var ordførar i 12 av desse. Noko av det første han foretok seg som ordførar, var å kome med framlegg om at protokollen skulle førast på landsmål. Dette blei realisert frå 1. januar 1908. Evje var noko seinare ute. Der blei protokollen førd på landsmål først frå januar 1920.
I kyrkja kom landsmålet inn noko seinare. I Hornnes blei Blix-salmane innrøysta i 1905, den nynorske salmeboka i 1926 og den nynorske liturgien i 1919. Hallvard Kvamsdal skal ha vore den første presten som heldt preken på nynorsk. I Evje skal ein prest, B. Th. Anker, ha halde gudsteneste og foredrag på landsmål alt i 1904.
Setesdal ungdomsskule i målreisingsarbeidet

Olav Arne Kleveland skriv i kultursoga for Evje og Hornnes at skulelova av 1889 og målparagrafen i 1892 opna for eit meir offensivt målarbeid, og at det då alt var mange målfolk, særleg blant dei yngre. Amtsskulen og lærarane der må få mykje av æra for det. Rita Flottorp skriv i i fordjupingsoppgåva si at Setesdal ungdomsskule på mange måtar kom til å bli sjølve «krumtappen» i målreisingsarbeidet på desse kantar av landet.
Jørgen Løvland var ein av dei framste talsmenn for målarbeidet på denne tida, sjølv om han ikkje kunne nytta landsmål i undervisninga i skulen. Men han fann ei løysing på det problemet, og lærde elevane sine å skrive landsmål utanom skuletida.
Torgeir Berulvson var ein av desse elevane, og den som sidan skulle kome til ta initiativ til å starte eit mållag for heile Agder og Telemark. Målreisingsarbeidet var ei av dei store hjartesakene til Berulvson. Han kom til å bli ein av dei viktigaste pådrivarane i målreisingsarbeidet på riksplan, saman med Jørgen Løvland.
Torleif Homme, styrar frå 1892-1908, var óg ein av dei store målmennene som arbeidde ved skulen. Homme var ikkje redd for å ta i bruk landsmålet, og heller ikkje redd for å gå sine eigne vegar i målreisingsarbeidet. Utan å spørje nokon om lov, nytta han frå første dagen bare landsmål i skulen han styrde, både munnleg og skriftleg.
Torleiv Hannaas frå Hornnes var lærar ved amtsskulen 1900-1903. Han var dialektspesialist og ihuga målmann, og blei seinare professor i nordisk ved Bergen Museum. Han var formann i Noregs Mållag 1926-1929.
I 1922 blei Gunnstein Greibrokk styrar, og Jon Løyland kom som lærar til skulen i 1921. Begge blei verande i stillingane til skulen blei lagd ned etter krigsutbrotet i 1940. Dei sette sitt sterke preg på skulen i heile mellomkrigstida. Begge var norsklærarar og ihuga målmenn.
Det er ikkje til å undrast over at ein skule med slike sterke personlegdomar og ein slik kjærleik til landsmålet fekk mykje å seie for norskopplæringa i skulen, og dermed for målsaka i dei indre bygdene i det heile.
Kjelder
- Rita Flottorp, Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga, trykt hefte, utgjeve 2001
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 508-520