Målreisinga i Evje og Hornnes: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Endret skrivemåten i navnet til OLav J. Haavardstad
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Liten tilf. i innledningen om kyrkja
Line 1: Line 1:
'''Målreisinga i Evje og Hornnes''', arbeidet med å få nynorsk (landsmål) inn i skule og administrasjon, kom for alvor i gong etter eit møte i forstandarskapet i [[Evje og Hornnes Sparebank]] [[7. januar 1892]].  
'''Målreisinga i Evje og Hornnes''', arbeidet med å få nynorsk (landsmål) inn i skule, kyrkje og administrasjon, kom for alvor i gong etter eit møte i forstandarskapet i [[Evje og Hornnes Sparebank]] [[7. januar 1892]].  


== Den første framstøyten ==
== Den første framstøyten ==

Versjonen frå 22. desember 2015 kl. 09:07

Målreisinga i Evje og Hornnes, arbeidet med å få nynorsk (landsmål) inn i skule, kyrkje og administrasjon, kom for alvor i gong etter eit møte i forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank 7. januar 1892.

Den første framstøyten

Forstandarskapet skulle vedta ny plan for banken. Ei nemnd hadde på førehand utarbeidd eit framlegg. Ola G. Lauvland føreslo då at planen skulle omsetjast til norsk bygdemål (landsmål) og leggast fram og gjennomgåast på eit seinare møte. Der skulle det då avgjerast kva for målform planen skulle trykkast på. Futen i Setesdal, Andreas Holaas, tok på seg omsetjingsarbeidet, der det trongst juridisk kompetanse. «Med den bakgrunn han hadde kan det tenkjast at det er han som eigentleg stod bak framlegget. Han blei med i forstandarskapet som formann året etter. Ola G. Lauvland var kasserar i banken og eldste bror til Jørgen Løvland, så det er ikkje utruleg at også han (Jørgen) kan ha hatt ein finger med i spelet», skriv Rita Flottorp i si fordjupingsoppgåve om målreisinga i Evje og Hornnes i grunnfagstudiet i nordisk frå 2000/2001.

Forstandarskapet samla seg til neste møte 21. mars 1892. Her behandla dei « et af O. G. Løvland fremsat forslag om at Planen for banken omskrives paa Bygdemaal» og «et af Hr. Foged Hølaas udarbeidet Udkast til Plan blev oplæst og vedtaget mod 6 stemmer». Dei som truleg røysta for framlegget var: Lærar Hans Faret, lærar Klemet Syrtveit, lærar Ole N. Løvland, T. Ø. Aaneland, Salve N. Løvland, Ole N. Kleveland, Ole J. Bjorå, Ole T. Fennefoss, Ole N. Galteland, Eirik S. Bjorå, Notto A. Østerhus, lensmann Olav J. Haavardstad og landhandlar Gunnar O. Abusdal.

Denne første framstøyten kom ut på ei ørkenvandring i samband med godkjenningsprosessen i departementet, og rann meir eller mindre ut i sanden. Men det var altså god grobunn for målreising i bygda på den tida. Dei nemnde forstandarane i banken, med alle sine andre verv og ombod, var politiske og kulturelle tungvektarar og hadde posisjonar i det lokale næringslivet. «Ein må vel elles sjå dette i samanheng med den politiske unionsstriden, der målreisinga var eit viktig «våpen». Ingen av dei skreiv på «landsmål», så vidt ein veit», held Rita Flottorp fram i oppgåva si.

Kjelder