Hopp til innhald

Monn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde + kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 11: Line 11:
[[Kategori:Åseral]]
[[Kategori:Åseral]]
[[Kategori:Elver i Bygland]]
[[Kategori:Elver i Bygland]]
[[Kategori:Elver i Vest-Agder]]

Versjonen frå 20. desember 2015 kl. 22:47

I desember 2015 var det mykje mildvær og nedbør, og vassføringa i Monn var til tider stor. Dette er ein av dei fine fossane der elva fell bratt ned mot Kyrkjebygd før ho flatar ut og renn ut i Ørevatn.

Monn er ei elv nord-vest i Åseral. Elva har utspring i Monsvatn (870 m.o.h.) i Setesdal Vesthei, i grensetraktene mellom Bygland og Valle. På veg sørover passerer ho ei rekkje vatn som Gaukheivatn, Langevatn, Ljoslandsvatn og Brelandsvatn før ho renn ut i Ørevatn i Kyrkjebygd. Ned mot Kyrkjebygd fell ho bratt og lagar store stryk og fossar. Før utløpet i Ørevatn flatar ho ut og renn rolegare. Saman med elvene Logna og Skjerka danner Monn Mandalselva etter samløpet i Ørevatn.

Store delar av nedslagsfeltet til Monn er overført frå Langevatn til Nåvatn, og blir utnytta i Skjerka kraftverk. Noko vatn blir også overført til bruk i Smeland kraftverk i Lognadalen. Store delar av året er det derfor lite vatn i elva.

Kjelder

  • Svein Jakob Saltveit, Smeland kraftverk. Fiskebiologiske undersøkelser i Logna og Monn, Vest-Agder, Oslo 1980, side 6

Kart