Hopp til innhald

Jostein Berget: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
fdato
Helland (diskusjon | bidrag)
Line 16: Line 16:
[[Kategori:Dødsfall i 2001]]
[[Kategori:Dødsfall i 2001]]
[[Kategori:Ap-politikere]]
[[Kategori:Ap-politikere]]
[[Kategori:Fødsler i 1925]]

Versjonen frå 14. mai 2015 kl. 20:49

Jostein Berget
Født: 6. desember 1925
Død: 2001 (alder 75–76)

Jostein Berget (død 2001) var offiser i Forsvaret, idrettsleiar, lokalpolitikar (Arbeiderpartiet) og ordførar i Evje og Hornnes kommune frå 1984 til 1989.

Jostein Berget kom til Evje og Evjemoen militærleir i 1956 saman med kona Ellenor Berget. Han var ei stor drivkraft i det lokale idrettslivet gjennom ei årrekkje. Han var den første sekretæren i Otra IL etter stiftinga i 1960, og leiar av idrettslaget 1961-1964. Han var leiar i handballgruppa 1960-1962, 1967 og 1970 og den første leiaren i skigruppa 1960-1961. I tillegg til å vere ei administrativ kraft, fungerte han som instruktør og trenar i fleire idrettar. Han var ein av initiativtakarane til Himmelsynaløpet. Berget blei utnemd til æresmedlem i Otra IL i 1985.

Berget var ein svært sentral mann i arbeidet på 1960- og 1970-talet med å få bygd nytt idrettsanlegg i Evje. Han var leiar av Evje og Hornnes kommunale ungdoms- og idrettsnemd (KUI) på 1960-talet, og leiar i den kommunale ”Idrettsplasskomitéen” som la fram fleire innstillingar om nytt idrettsanlegg. Byggjinga av Evje stadion vart påbegynt i 1970, og stadionanlegget blei offisielt opna saman med det nye Idrettsbygget i 1974. Berget var leiar i byggjekomitéen for Idrettsbygget.

Heider