Ola G. Lauvland: Skilnad mellom versjonar
Ola G. Lauvland |
s Rettet tegnsetting |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
*[[Ellen Miøen Sæther]], ''[[Lauvland - fra nybrott til fritidsbruk]]'', utgjeve av [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2013, s. 59-63 | *[[Ellen Miøen Sæther]], ''[[Lauvland - fra nybrott til fritidsbruk]]'', utgjeve av [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2013, s. 59-63 | ||
{{DEFAULTSORT:Lauvland, Ola G. | {{DEFAULTSORT:Lauvland, Ola G.}} | ||
[[Kategori:Fødsler i 1838]] | [[Kategori:Fødsler i 1838]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1893]] | [[Kategori:Dødsfall i 1893]] | ||
Versjonen frå 6. mars 2015 kl. 09:19
| Ola G. Lauvland | ||
|---|---|---|
| Født: | 1838 | |
| Død: | 1893 (alder 54–55) | |
Ola Gunnarson Lauvland (fødd 1838, død 1893) var bonde på Lauvland i Evje og ordførar i Evje kommune 1882-1893. Han var eldstemann i ein syskjenflokk på sju. Mellom desse var Jørgen Løvland.
Ola G. Lauvland var ikkje «seminarist» som dei fire yngre brødrene sine. I staden tufta han meiningane sine og skjønet sitt på eigne livserfaringar. Olav Arne Kleveland nemner Lauvland som ein klårtenkt samfunnspolitikar og samfunnsreformator. Han kom til å sette djupe merke etter seg den tida han var ordførar. Han arbeidde spesielt for at bygda skulle få høvelege vegar og skulehus. Det var i hans tid som ordførar at den nye Evje kyrkje vart bygd. Som ordførar sat han også i fylkestinget. Her var han formann i vegnemda og medlem i jernbanenemda. I 1888 møtte Ola G. Lauvland på Stortinget, som varamann for Lars Liestøl. Broren Jørgen sat også på Stortinget då.
Garden heime på Lauvland overtok Ola G. Lauvland etter foreldrene i 1885. Han skal ha vore ein arbeidssom og dugande gardbrukar. Då Evje og Hornnes Sparebank vart skipa i 1864 var Lauvland den første kasseraren. Han stod i dette vervet til han døydde i 1893.
Frå 1888, då han møtte på Stortinget, tykkjest Lauvland å bli oppteken av språkbruk og oppglødd for målsaka. Fram til då hadde han skrive namnet sitt Ole G. Løvland. Det endra han no altså til Ola. G. Lauvland.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 292-293
- Ellen Miøen Sæther, Lauvland - fra nybrott til fritidsbruk, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2013, s. 59-63