Arnt Larsen: Skilnad mellom versjonar
Arnt Larsen |
s Føyd til Klevelands hovedoppgave som kilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Arnt Larsen''' (fødd 31. mars 1867 i Hassel i Vesterålen, død 17. januar 1926 i Hornnes) var anleggsarbeider og ein føregangsmann då arbeiderklassen blei organisert i [[Evje]] og | '''Arnt Larsen''' (fødd 31. mars 1867 i Hassel i Vesterålen, død 17. januar 1926 i [[Hornnes]]) var anleggsarbeider og ein føregangsmann då arbeiderklassen blei organisert i [[Evje]] og Hornnes først på 1900-talet. Han var ordførar i Hornnes 1917-1919. | ||
Hausten 1895 kom Arnt Larsen til Kristiansand. Han gjekk til fots oppover til Hornnes. Her fekk han arbeid på Setesdalsbanen, som då var under bygging. Han gifta seg i 1896 med [[Randi Salvesdotter Larsen]] (fødd Strøyman). Dei budde først i [[Strømstad]], som blei skild ut frå garden [[Strøyman]]. Seinare budde familien på | Hausten 1895 kom Arnt Larsen til [[Kristiansand]]. Han gjekk til fots oppover til Hornnes. Her fekk han arbeid på [[Setesdalsbanen]], som då var under bygging. Han gifta seg i 1896 med [[Randi Salvesdotter Larsen]] (fødd Strøyman). Dei budde først i [[Strømstad]], som blei skild ut frå garden [[Strøyman]]. Seinare budde familien på [[Moisund]], der Larsen døydde i 1926. | ||
Då Setesdalsbanen stod ferdig i 1896, reiste Larsen til Flekkefjord og fekk arbeid på Flekkefjordbanen. Her kasta han seg for alvor inn i kampen for arbeiderrørsla. Han fekk avskil frå banen på grunn av ein artikkel han skreiv i avisa ''Arbeidsmanden''. Hausten 1902 fekk han arbeid på [[Evje nikkelverk]]. | Då Setesdalsbanen stod ferdig i 1896, reiste Larsen til Flekkefjord og fekk arbeid på Flekkefjordbanen. Her kasta han seg for alvor inn i kampen for arbeiderrørsla. Han fekk avskil frå banen på grunn av ein artikkel han skreiv i avisa ''Arbeidsmanden''. Hausten 1902 fekk han arbeid på [[Evje nikkelverk]]. | ||
| Line 13: | Line 13: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Torgrim Dåsnes]], ''Litt om Arnt Larsen'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2003, s. 46-47 | *[[Torgrim Dåsnes]], ''Litt om Arnt Larsen'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2003, s. 46-47 | ||
*[[Olav Arne Kleveland]], ''Då arbeiderklassen i Evje blei organisert, artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34 | *[[Olav Arne Kleveland]], ''Då arbeiderklassen i Evje blei organisert'', artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34 | ||
*Olav Arne Kleveland, ''[[Gjennombrotet for arbeiderrørsla i Evje]]'', hovudoppgåve i historie, utgjeve som hefte av Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 37 | |||
{{DEFAULTSORT:Larsen, Arnt}} | {{DEFAULTSORT:Larsen, Arnt}} | ||
Versjonen frå 26. desember 2014 kl. 00:39
Arnt Larsen (fødd 31. mars 1867 i Hassel i Vesterålen, død 17. januar 1926 i Hornnes) var anleggsarbeider og ein føregangsmann då arbeiderklassen blei organisert i Evje og Hornnes først på 1900-talet. Han var ordførar i Hornnes 1917-1919.
Hausten 1895 kom Arnt Larsen til Kristiansand. Han gjekk til fots oppover til Hornnes. Her fekk han arbeid på Setesdalsbanen, som då var under bygging. Han gifta seg i 1896 med Randi Salvesdotter Larsen (fødd Strøyman). Dei budde først i Strømstad, som blei skild ut frå garden Strøyman. Seinare budde familien på Moisund, der Larsen døydde i 1926.
Då Setesdalsbanen stod ferdig i 1896, reiste Larsen til Flekkefjord og fekk arbeid på Flekkefjordbanen. Her kasta han seg for alvor inn i kampen for arbeiderrørsla. Han fekk avskil frå banen på grunn av ein artikkel han skreiv i avisa Arbeidsmanden. Hausten 1902 fekk han arbeid på Evje nikkelverk.
Hausten 1902 blei det stifta ei arbeiderforening ved Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk. Larsen blei den første formannen. I februar 1903 kom det til streik ved gruva. Larsen blei då oppsagd.
I 1904 stilte Larsen gjennom Moisund arbeiderlag ei sosialistisk liste til kommunevalet, og lista fekk inn tre representantar i kommunestyret. Han var drivkrafta då Hornnes og Moi arbeiderforeningar blei omdanna til Hornnes arbeiderparti og innmeldt i Det Norske Arbeiderparti frå 1909. Han var første formann og stod i vevet i mange år. Han var med i kommunestyret til han døydde. I 1911-1913 var han varaordførar, og altså ordførar 1917-1919.
Arnt Larsen var aktiv langt utanom kommunegrensa. Saman med Olaf Eieland frå Iveland var han drivkrafta i arbeiderrørsla i heile Setesdal.
Kjelder
- Torgrim Dåsnes, Litt om Arnt Larsen, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2003, s. 46-47
- Olav Arne Kleveland, Då arbeiderklassen i Evje blei organisert, artikkel i Arnstein, 2000, s. 31-34
- Olav Arne Kleveland, Gjennombrotet for arbeiderrørsla i Evje, hovudoppgåve i historie, utgjeve som hefte av Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 37