Elektrisk ljos til Setesdal vert planlagd 1945: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenkefiks på Longerak kraftverk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s lenke
 
Line 2: Line 2:
'''Elektrisk ljos er ein sjølvsagt ting i dag''', men det lever ennå folk, i [[2013]], som minnast at ein laut klara seg med parafinljos om kvelden. [[Setesdal]], som har gjeve så mykje kraft til [[Kristiansand]], laut venta lenge for sjølv å få ljos i stoga. Og då var det kraft frå Nidaråvassdraget som kom over høgheia, frå [[Aust-Agder kraftverk]]. Fyrst på den 16. desember 1955 vart straumen tilkopla [[Hovden]] og [[Breive]], og alle huslydane i området heldt ljosfest for ingeniørar og montørar på [[Hovden Turisthytte]] om kvelden. Men [[Bjåen]] laut ennå vente ei tid på straum.   

Ute i [[Årdal sokn]] i [[Bygland]] var stoa anleis. Her fekk ein allereie i 1914 kraft frå [[Longerak kraftverk]] i samband med bygginga av [[Landeskogen|Landeskogen sanatorium]] i [[Grendi]]. Kraftstasjonen hadde kraft nok til bygdelaga i Årdal i tillegg til sanatoriet. Dampsaga på [[Byglandsfjord]] hadde eige kraftverk frå år 1900, driven av dampmaskinen som også dreiv sagbruket.
Ute i [[Årdal sokn]] i [[Bygland]] var stoa anleis. Her fekk ein allereie i 1914 kraft frå [[Longerak kraftverk]] i samband med bygginga av [[Landeskogen|Landeskogen sanatorium]] i [[Grendi]]. Kraftstasjonen hadde kraft nok til bygdelaga i Årdal i tillegg til sanatoriet. [[Byglandsfjord Dampsag|Dampsaga]] på [[Byglandsfjord]] hadde eige kraftverk frå år 1900, driven av dampmaskinen som også dreiv sagbruket.

Mange teikna abonnement i god tid før straumen kom, og til ein viss grad kan dette samanliknast med utbygginga av breiband i seinare år.  
Mange teikna abonnement i god tid før straumen kom, og til ein viss grad kan dette samanliknast med utbygginga av breiband i seinare år.  

Siste versjonen frå 6. desember 2014 kl. 18:36

Longerak kraftverk frå 1914, framleis i drift i 2013

Elektrisk ljos er ein sjølvsagt ting i dag, men det lever ennå folk, i 2013, som minnast at ein laut klara seg med parafinljos om kvelden. Setesdal, som har gjeve så mykje kraft til Kristiansand, laut venta lenge for sjølv å få ljos i stoga. Og då var det kraft frå Nidaråvassdraget som kom over høgheia, frå Aust-Agder kraftverk. Fyrst på den 16. desember 1955 vart straumen tilkopla Hovden og Breive, og alle huslydane i området heldt ljosfest for ingeniørar og montørar på Hovden Turisthytte om kvelden. Men Bjåen laut ennå vente ei tid på straum.

Ute i Årdal sokn i Bygland var stoa anleis. Her fekk ein allereie i 1914 kraft frå Longerak kraftverk i samband med bygginga av Landeskogen sanatorium i Grendi. Kraftstasjonen hadde kraft nok til bygdelaga i Årdal i tillegg til sanatoriet. DampsagaByglandsfjord hadde eige kraftverk frå år 1900, driven av dampmaskinen som også dreiv sagbruket.

Mange teikna abonnement i god tid før straumen kom, og til ein viss grad kan dette samanliknast med utbygginga av breiband i seinare år.

Elektrisk lys til Setesdal

Linje til Hylestad og Valle ferdig neste høst.
Styret i Aust-Agder kraftverk har holdt et møte i Valle for noen dager siden hvor blant annet spørsmålet om å bygge ut linjene for elektrisitetsforsyning i Setesdal ble drøftet.
Man var enig om betydningen av kraftlinjer oppover Setesdal, slik at Hylestad og Valle får kraft. Anlegget er beregnet å bringe et underskudd på 100.000 kroner som en mente at staten ville dekke og herredene bærer et distriktsbidrag på 10 prosent av underskuddssummen. Linjen skal påbegynnes så snart som mulig, og påregnes å være ferdig neste høst. Tiltaket er blitt hilst med glede i begge herreder, og mange abonnenter har meldt seg allerede.

Kjelder