Evje barneskule: Skilnad mellom versjonar
Bilde |
s Lenker |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*Skulen si heimeside | *[http://www.evje-barneskule.no/ Skulen si heimeside] | ||
*[[Torgrim Dåsnes]] i [[Olav O. Uleberg]], [[Kultursoge for Evje og Hornnes]], band I, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 448-457 | *[[Torgrim Dåsnes]] i [[Olav O. Uleberg]], [[Kultursoge for Evje og Hornnes]], band I, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990, s. 448-457 | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*Skulen si heimeside | *[http://www.evje-barneskule.no/ Skulen si heimeside] | ||
[[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 15. oktober 2014 kl. 11:29
Evje barneskule ligg på Sindremoen i Evje, rundt ein kilometer nord for Evje sentrum. På same staden ligg Evje ungdomsskule. Bygningane er reist i 1963-1966. Det er planar om ein ny fleirbrukshall ved skulen. Hallen skal erstatte den gamle gymnastikksalen, som ikkje lenger tilfredsstiller krava til slike bygg i dag.
Skulen har om lag 200 elevar og 32 tilsette. Oppæringsmålet er både bokmål og nynorsk. Skulen er sjudelt, og det er ein bokmåls- og ein nynorskklasse på kvart trinn frå 1. til 7. klasse.
Dei siste åra har skulen satsa på uteskule, og har eit fint område i nærleiken av skulen der foreldra har vore med og laga fine leirplassar.
Skulen har innført læringsplattformen FRONTER på alle trinn frå 1. - 7. klasse. Læringsplattformen nyttast både i undervisning, til innleveringar, lekser og prøver.
I løpet av dei siste åra har det blitt investert i mykje nytt datautstyr på skulen. I tillegg til datarom har mellomtrinnet fått 40 nye bærbare datamaskiner som dei kan nytte seg av i undervisninga. Alle klasserom frå 4. - 7. klasse har også fått fastmonterte projektorar, noko som har gjort det lettare for lærarane å nytte seg av IKT i undervisningssamanheng i klasserommet. Dei same klasseromma har og fått heilt nye whiteboard-tavler. Desse kan brukast både som tavle og som lerret/skjerm til framlegg av prosjekter eller foredrag samt i undervisninga.
Kjelder
- Skulen si heimeside
- Torgrim Dåsnes i Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 448-457