Ottar Rygg: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Ottar Rygg
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
sidetal
Line 4: Line 4:


== Kjelde ==
== Kjelde ==
*Ottar Rygg i [[Arne Aas]]: ''[[Løyndomsfulle Setesdal]]'' Lunde 2000 ISBN 82-520-3275-3
*Ottar Rygg i [[Arne Aas]]: ''[[Løyndomsfulle Setesdal]]'' Lunde 2000 ISBN 82-520-3275-3 side 134


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==

Versjonen frå 30. september 2013 kl. 15:33

Karl Ottar Rygg (fødd 8. september 1936 i Røros, død 4. mars 2009 i Bygland) budde på Longerak. Han var lærar og hadde lærarpostar på Havdal og Voll i Trøndelag før han kom til Bygland skule. Saman med kona Magnhild Rygg overtok han i 1972 Innistog (Longerak), som var slektsgarden til hennar. Dei hadde tre barn, Mari Rygg, Guri Rygg og Leiv Rygg.

Etter at han vart pensjonist, arbeidde han mykje med treskjering. Han skar trerelieff og dekorerte kister og skåp laga av nabo Harald Lislevand. I treskjeringa brukte han ulike akantusmotiv, både ranker og blad. Han skreiv også viser og spelte munnharpe til kos og i venelag. Han skreiv også viser og vers. I 1997 gav han ut boka Viser og vers i ein skumringstimeSetesdalsforlaget. ISBN 82-91820-01-5 På plata Svalande vind som Anne Karin Kaasa gav ut i 1991 er songane Vårblom med melodi av Alf Emil Eik og Haust er fred med hans eigen melodi skrivne av Ottar Rygg.

Kjelde

Eksterne lenker