Sygard (Bykle gnr 10 bnr 3): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Kjelder |
s →Kart |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
== Kart == | == Kart == | ||
{{#display_map: 59.34751489022547,7.257414863782787~Sygard Nordbygdi}} | |||
[[Kategori:Garder i Bykle]] | [[Kategori:Garder i Bykle]] | ||
[[Kategori:Nordbygdi]] | [[Kategori:Nordbygdi]] | ||
Siste versjonen frå 8. februar 2026 kl. 11:35
Sygard er eit gardsbruk (Bykle gnr 10 bnr 3) på garden Nesland i Nordbygdi i Bykle. Det dyrka arealet på bruket blei for ein stor del sett under vatn ved oppdemminga av Botsvatn på andre halvdel av 1970-talet. Utmarka utgjer 2 580 mål. I tillegg kjem andelen i sameiget mellom Nesland og nabogarden Tveiti. Stogehuset og løa er fjerna. Det er i staden bygd ei hytte og eit lite uthus på staden. Det gamle loftet står framleis der det var.
Heimelshavar til bruket (2026) er Ingrid Olavsdotter Nesland (f. 1954).
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 140–151
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk