Mjåvasstøl (Sirdal): Skilnad mellom versjonar
Ny side: '''Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal.''' DNT Sør har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og Kvinen like ved grensa til Bygland. Denne går langs heile Mjåvatn. V... |
s Tekstendring |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal.''' DNT Sør har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og [[Kvinen]] like ved grensa til [[Bygland]]. Denne går langs heile Mjåvatn. Ved Mjåvasstøl ligg det ei rekke steinar som var fundament for anleggsbrakker under krigen. | '''Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal.''' [[DNT Sør]] har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og [[Kvinen]] like ved grensa til [[Bygland]]. Denne går langs heile Mjåvatn. Ved Mjåvasstøl ligg det ei rekke steinar som var fundament for anleggsbrakker for vegarbeid under krigen. | ||
==Riksveg 10== | ==Riksveg 10== | ||
Heilt i frå 1890-åra arbeidde styresmaktene med planar om ein køyreveg mellom [[Setesdal]] og [[Sirdal]], som skulle vere ein del av ein indre aust-vest veg i landsdelen, den såkalla | Heilt i frå 1890-åra arbeidde styresmaktene med planar om ein køyreveg mellom [[Setesdal]] og [[Sirdal]], som skulle vere ein del av ein indre aust-vest veg i landsdelen, den såkalla [[Riksveg 10]]. I 1924 var brua over [[Kvina]] ferdig, [[Kvibru]], men etter det stoppa alt opp. Okkupantane tok opp att vegarbeidet under krigen, både frå [[Langeid]] og [[Sirdal]]. På sirdalsida vart det sett opp brakker ved Haugevassåni og Mjåvasstøl. Framleis ser ein spor etter anlegget sidan turistforeningas løyper langt på veg går der riksveg 10 skulle ha gått. Etter krigen heldt ein fram arbeidet frå Tjørhom og austover forbi Solheim, men i 1954 vart dette anlegget avslutta etter at skjeringa ved [[Donsen]] var ferdig. Ein kan køyra hit i dag, der siste biten er ein privat bomveg. | ||
== | ==Turløypa forbi Mjåvasstøl== | ||
Vegen mellom Tjørhom og Donsen endar i eit større hytteområde. Herifrå går løypa til DNT Sør vidare mot [[Kvinen]]. Terrenget er greit, og ein treffer på fleire spor etter det gamle veganlegget undervegs. | Vegen mellom Tjørhom og [[Donsen]] endar i eit større hytteområde. Herifrå går løypa til DNT Sør vidare mot [[Kvinen]]. Terrenget er greit, og ein treffer på fleire spor etter det gamle veganlegget undervegs. | ||
Frå hytteområdet ved Donsen er det ei viss stigning opp etter Taddaksveg, som går på nordsida av Taddaksknuten. | Frå hytteområdet ved Donsen er det ei viss stigning opp etter Taddaksveg, som går på nordsida av Taddaksknuten. Dette er eit flott utsiktsområde mot fjellheimen i nord. Turløypa fører forbi Haugevasslega fram til bekken mellom Haugevatn og Litla Haugevatn. I vatnet kan ein sjå trallehjul og skeiner frå anleggstida. Løypa fylgjer nordsida av Mjåvatn, og ein kjem forbi '''Mjåvasstøl''' som omgjeve av frodige støylsvollar. Det ligg endå ei hytte i austenden av vatnet, ellers er det få hytter å sjå i denne heia. Straks etter at ein har kryssa under ei overføringsline, så kjem det eit område der det vore nokre stiomleggingar fram mot Kvinen. Ver litt obs her. Hovudløypa går kortaste veg direkte over høgdedraget mot [[Kvinen Turiststasjon]]. Derifrå er det storslått utsikt over heile området, der ein kan sjå [[Kvibru]] i det fjerne. Gangtid Donsen-Kvinen er oppgjeve til 2-3 timar, og lengda rundt 7 km. Frå Kvinen går det merka løyper mot Fidjeland, Salmeli, [[Josephsbu]] og [[Gaukhei turisthytte|Gaukhei]]. | ||
==Kart== | ==Kart== | ||
{{#display_points:58.8774, 7.02373|zoom=13|type=terrain}} | {{#display_points:58.8774, 7.02373|zoom=13|type=terrain}} | ||
== | ==Kjelder== | ||
*Oddvar Tjomlid: ''Den veglause brua over Kvina'', Sirdølen nettavis 26. mars 2002. | *Oddvar Tjomlid: ''Den veglause brua over Kvina'', Sirdølen nettavis 26. mars 2002. | ||
*Samtale med eigaren av Mjåvasstøl. | |||
[[Kategori:Sirdal]] | [[Kategori:Sirdal]] | ||
[[Kategori:Turløyper]] | [[Kategori:Turløyper]] | ||
Versjonen frå 2. september 2013 kl. 10:11
Mjåvasstøl er ein støyl ved Mjåvatn i Sirdal. DNT Sør har ei turløype mellom Donsen i Sirdal og Kvinen like ved grensa til Bygland. Denne går langs heile Mjåvatn. Ved Mjåvasstøl ligg det ei rekke steinar som var fundament for anleggsbrakker for vegarbeid under krigen.
Riksveg 10
Heilt i frå 1890-åra arbeidde styresmaktene med planar om ein køyreveg mellom Setesdal og Sirdal, som skulle vere ein del av ein indre aust-vest veg i landsdelen, den såkalla Riksveg 10. I 1924 var brua over Kvina ferdig, Kvibru, men etter det stoppa alt opp. Okkupantane tok opp att vegarbeidet under krigen, både frå Langeid og Sirdal. På sirdalsida vart det sett opp brakker ved Haugevassåni og Mjåvasstøl. Framleis ser ein spor etter anlegget sidan turistforeningas løyper langt på veg går der riksveg 10 skulle ha gått. Etter krigen heldt ein fram arbeidet frå Tjørhom og austover forbi Solheim, men i 1954 vart dette anlegget avslutta etter at skjeringa ved Donsen var ferdig. Ein kan køyra hit i dag, der siste biten er ein privat bomveg.
Turløypa forbi Mjåvasstøl
Vegen mellom Tjørhom og Donsen endar i eit større hytteområde. Herifrå går løypa til DNT Sør vidare mot Kvinen. Terrenget er greit, og ein treffer på fleire spor etter det gamle veganlegget undervegs.
Frå hytteområdet ved Donsen er det ei viss stigning opp etter Taddaksveg, som går på nordsida av Taddaksknuten. Dette er eit flott utsiktsområde mot fjellheimen i nord. Turløypa fører forbi Haugevasslega fram til bekken mellom Haugevatn og Litla Haugevatn. I vatnet kan ein sjå trallehjul og skeiner frå anleggstida. Løypa fylgjer nordsida av Mjåvatn, og ein kjem forbi Mjåvasstøl som omgjeve av frodige støylsvollar. Det ligg endå ei hytte i austenden av vatnet, ellers er det få hytter å sjå i denne heia. Straks etter at ein har kryssa under ei overføringsline, så kjem det eit område der det vore nokre stiomleggingar fram mot Kvinen. Ver litt obs her. Hovudløypa går kortaste veg direkte over høgdedraget mot Kvinen Turiststasjon. Derifrå er det storslått utsikt over heile området, der ein kan sjå Kvibru i det fjerne. Gangtid Donsen-Kvinen er oppgjeve til 2-3 timar, og lengda rundt 7 km. Frå Kvinen går det merka løyper mot Fidjeland, Salmeli, Josephsbu og Gaukhei.
Kart
Kjelder
- Oddvar Tjomlid: Den veglause brua over Kvina, Sirdølen nettavis 26. mars 2002.
- Samtale med eigaren av Mjåvasstøl.