Torleif Harstad: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lagt til Nistog som buplass
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Føyd til foreldre
Line 6: Line 6:
Torleif Harstad gjekk på [[Birkeland folkehøgskole]] i 1964-65 og 1966-1967. Etter militærteneste reiste han til Danmark og gjekk ein vinter på Den jydske idrettsskole i Vejle. Interessen for trim har halde seg og han har vore aktiv i [[Valle IL]] i alle åra sidan. Han var leiar i laget i 10-12 år i samanheng. Han var fotballtrenar for dei unge på 1970-talet, og i over 40 år har han vore leiar for [[Karetrimmen]] kvar måndag. Han har gått [[Sesilåmi]] 28 gonger og sykla Trondheim-Oslo åtte gonger. Han har og gått [[Birkebeineren]] nokre gonger.  

Den første kona hans døydde då deira einaste dotter [[Bente Jorunn Harstad]] var lita jente. I 2007 gifta han seg att med [[Sissa Ringstad]].
Den første kona hans døydde då deira einaste dotter [[Bente Jorunn Harstad]] var lita jente. I 2007 gifta han seg att med [[Sissa Ringstad]]. Foreldra til Torleif var [[Bjug Harstad]] og [[Birgit B. Harstad]].

== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 7. januar 2024 kl. 19:40

Torleif Harstad
Født: 4. juni 1947 (78 år)

Torleif Harstad (fødd 4. juni 1947 i Valle) er bonde på NistogHarstad i Valle. Han er og Senterpartipolitikar i Valle og har sete i Valle kommunestyre sidan 1975, med unntak av eit par periodar. Ein periode sat han og i formannskapet. Han har vore formann i Valle sokneråd i fleire periodar og Valle menighetshus og Valle Normisjon. Han var og leiar i Valle kristelege ungdomlag i mange år og leiar i Valle Yngres.

Frå 1969 til 1987 var han lærar i gymnastikk på Valle skule. Så hadde han ein pause frå skulen, men på 1990-talet tok han vikartimar i skulen. Frå midt på 2000-talet begynte han som leksehjelp både i Hylestad og Valle, det utvikla seg til stilling som skuleassistent frå 2007. I tillegg har han vore forsikringsagent for Norges Brannkasse. Han har og vore instruktør for 4H.

Torleif Harstad gjekk på Birkeland folkehøgskole i 1964-65 og 1966-1967. Etter militærteneste reiste han til Danmark og gjekk ein vinter på Den jydske idrettsskole i Vejle. Interessen for trim har halde seg og han har vore aktiv i Valle IL i alle åra sidan. Han var leiar i laget i 10-12 år i samanheng. Han var fotballtrenar for dei unge på 1970-talet, og i over 40 år har han vore leiar for Karetrimmen kvar måndag. Han har gått Sesilåmi 28 gonger og sykla Trondheim-Oslo åtte gonger. Han har og gått Birkebeineren nokre gonger.

Den første kona hans døydde då deira einaste dotter Bente Jorunn Harstad var lita jente. I 2007 gifta han seg att med Sissa Ringstad. Foreldra til Torleif var Bjug Harstad og Birgit B. Harstad.

Kjelder