Haslebakken (Ose): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Bilde |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
[[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | [[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | ||
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]] | |||
[[Kategori:Ose]] | [[Kategori:Ose]] | ||
Siste versjonen frå 26. januar 2024 kl. 06:25

Foto: Geir Daasvatn
Haslebakken er ein husmannsplass mellom Frøysnes og Støylehommneset, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland.
Haslebakken låg under Ose bnr. 1, og må ikkje forvekslast med Frøysnes-Haslebakken, som var heilt nede ved fjorden men på Frøysnes sin grunn.
Historie
Rydningsmannen var truleg Guttorm Olavson Gakkestad (f. ca. 1716, d. 1763). Han fekk husmannssetel på plassen i 1751, men kan ha vore her ei tid før dette. Han flytta frå staden etter kort tid, rundt 1753. Dei siste som levde i Haslebakken var den kjende spelemannen Tallak Haslebakken og kona Margit.