Bø (Bygland gnr 66): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
sInkje endringssamandrag |
|||
| Line 7: | Line 7: | ||
*[[Bø (Bygland gnr 66 bnr 1)|Bø bnr. 1]] | *[[Bø (Bygland gnr 66 bnr 1)|Bø bnr. 1]] | ||
*[[Bø Der nede (Bygland gnr 66 bnr 2)|Bø bnr. 2]] | *[[Bø Der nede (Bygland gnr 66 bnr 2)|Bø bnr. 2]] | ||
*[[Bø Der oppe (Bygland gnr | *[[Bø Der oppe (Bygland gnr 66 bnr 3)|Bø bnr. 3]] | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 6. februar 2021 kl. 17:57
Foto: Geir Daasvatn
Bø er ein gard nord for Horverak, på vestsida av Byglandsfjorden, i Bygland kommune. Busetnaden ligg sør for garden Klepp, men garden har fleire større teigar vest og nord for Klepp også.
Gardsvaldet femner om eit areal på omlag 8 400 da samla i ein teig frå Byglandsfjorden til Sandvatn. Namnet tyder beint fram «gard», og Bø er opphavsgarden som Tveitå, Klepp og Horverak har gått ut frå. Klepp var ein del av Bø heilt til midten av 1600-talet, medan Tveitå og Horverak har vore sjølvstendige gardar langt tilbake i tid. Teiknar ein opp yttergrensane for desse gardane, dannar dei ein firkant som når frå fjorden til Åseralsgrensa, og med topografisk grense mot Senum i sør og Dale i nord.