Til deg min heimlegt alltid stend: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
sangark
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
orto
 
Line 16: Line 16:
:ved solarglad og kveld?
:ved solarglad og kveld?


:Me kjenner kvar ein stig og sein
:Me kjenner kvar ein stig og stein
:med trøytte fotefar
:med trøytte fotefar
:der kjære minne etter dei
:der kjære minne etter dei

Siste versjonen frå 27. november 2012 kl. 01:00

Til deg min heimlegt alltid stend er ein bydesong til Hylestad av Gunnar T. Hovet, også kalla Gunnar Skagemo Hovet. Den går på melodien Min gode fagre barneheim og har i følge Kari Bjørgum vore nytta noko, særleg 17. mai på Nomeland bedehus.

Til deg min heimlegt alltid stend,
du fagre Hylestad.
Du sviv i tanken der eg gjeng,
i draumar og i kvad
Du ligg som sveipt imillom fjell
og fagre liedrag
der elvi stilnar som til kveld
frå foss og ville brak.
Frå dalen mot det høge blå
der ris dei bratte fjell.
Kvar ser du venar' syn som var
ved solarglad og kveld?
Me kjenner kvar ein stig og stein
med trøytte fotefar
der kjære minne etter dei
i tanken speglar av
Her sleit dei gamle livet ut
i strev og tronge kår,
og sutlaus vanka eg og du
dei glade barneår
Lat aldri minni falme av
i denne fagre grend
om dei som kviler i si grav
til livsens morgon renn

Kjelde