Marie Sverdrup Tveitan: Skilnad mellom versjonar
kilder |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =14 | fmåned =7 | får =1918 | ddag = | dmåned = | dår = | skjulfødselsdag = }} | {{Person | bilde = Marie Sverdrup Tveitan.jpg| bildetekst = | fdag =14 | fmåned =7 | får =1918 | ddag = | dmåned = | dår = | skjulfødselsdag = }} | ||
'''Marie Sverdrup Tveitan''' (fødd 14. juli 1918) var lærar på Notodden. Ho er dotter til [[Søren Sverdrup Lund (1872)]] og [[Anne Bjørgulvsdtr. Lund]]. Ho begynte tidleg å arbeide i butikken til faren og styrte butikken i fem år medan faren var ute på handelsreiser. Eitt år var ho også assistent for doktor [[Gert Magne Høye]] i Valle, så ho hadde mykje erfaring frå arbeidslivet då ho tok til på lærarskulen i Kristiansand i 1939. Hausten 1940 vart heile lærarskulen flytta til Notodden, så ho fullførte utdanninga der. | '''Marie Sverdrup Tveitan''' (fødd 14. juli 1918) var lærar på Notodden. Ho er dotter til [[Søren Sverdrup Lund (1872)]] og [[Anne Bjørgulvsdtr. Lund]]. Ho begynte tidleg å arbeide i butikken til faren og styrte butikken i fem år medan faren var ute på handelsreiser. Eitt år var ho også assistent for doktor [[Gert Magne Høye]] i Valle, så ho hadde mykje erfaring frå arbeidslivet då ho tok til på lærarskulen i Kristiansand i 1939. Hausten 1940 vart heile lærarskulen flytta til Notodden, så ho fullførte utdanninga der. | ||
Versjonen frå 21. april 2018 kl. 21:13
| Marie Sverdrup Tveitan | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. juli 1918 (107 år) | |
Marie Sverdrup Tveitan (fødd 14. juli 1918) var lærar på Notodden. Ho er dotter til Søren Sverdrup Lund (1872) og Anne Bjørgulvsdtr. Lund. Ho begynte tidleg å arbeide i butikken til faren og styrte butikken i fem år medan faren var ute på handelsreiser. Eitt år var ho også assistent for doktor Gert Magne Høye i Valle, så ho hadde mykje erfaring frå arbeidslivet då ho tok til på lærarskulen i Kristiansand i 1939. Hausten 1940 vart heile lærarskulen flytta til Notodden, så ho fullførte utdanninga der.
Som nyutdanna fekk ho seg lærarjobb i heimkommunen og arbeidde i Valle i fleire år. Men så fekk ho spørsmål om å bli lærar på Notodden og flytta tilbake til byen der ho hadde teke utdanninga si. Der møtte ho også Gunleik Tveitan, som ho gifta seg med i 1950. Dei fekk fire born: Lars Sverdrup Tveitan, Magne Sverdrup Tveitan, Ragnhild Sverdrup Tveitan og Steinar Sverdrup Tveitan.
Etter ei tid tok Marie Sverdrup Tveitan vidareutdanning i heimkunnskap og forming i Oslo og sidan vart dette faga ho underviste i. I fritida engasjerte ho seg i Lærerinnenes misjonsforbund og Heddal bygdekvinnelag så vel som i andre lag og foreningar. I alle år heldt ho kontakt med heimbygda der ho hadde hytte i Finndalen og elles deltok på sentrumsfrukost og sauesjå.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Valle-jenta som vart lærar i Telemark. Artikkel i Setesdølen nr. 9, 2018 side 8
- Tarald Nomeland: Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 side 9 og 13