Skjerka kraftverk: Skilnad mellom versjonar
s Presisert en kategori |
s Lagt til ei kjelde |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
== Vidare utbygging == | == Vidare utbygging == | ||
Det | Det er dei seinare åra (2016-2019) gjort ei stor oppgradering av Skjerka kraftverk. Dei eksisterande fire dammane ved Nåvatn blei heilt eller delvis fjerna. Den gamle betongdammen i Skjerkevatn blei riven. Det blei i staden bygd to nye store steinfyllingsdammar, ein i Skjerkevatn og ein i Heddersvika. Etter utbygginga vart vasstanden i Skjerkevatn heva med 23 meter, og Skjerkevatn og Nåvatn blei eitt stort magasin. Større magasin og auka fallhøgde gav auka produksjon i kraftverket. | ||
== Historie == | == Historie == | ||
[[Fil:Skjerka kraftstasjon 1997 040716.JPG|miniatyr|venstre|Inngangen til den nye stasjonen inne i fjellet. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Skjerka kraftstasjon 1997 040716.JPG|miniatyr|venstre|Inngangen til den nye stasjonen inne i fjellet. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei då bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Øvre Skjerkevatn. Produksjonen starta i 1932. | Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei då bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Øvre Skjerkevatn. Produksjonen starta i 1932. Gennomsnittleg årsproduksjon i denne stasjonen var 492 GWh. Utbygginga var den første store i [[Mandalselva|Mandalsvassdraget]]. Dei gamle aggregata står fortsatt i stasjonen, og skal kunne brukast i periodar med ekstra stor tilgang på vatn. | ||
Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen er sprengt inn i fjellet. | Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen er sprengt inn i fjellet. | ||
| Line 23: | Line 23: | ||
*[https://www.ae.no/virksomhet/vannkraft/kraftstasjoner/skjerka-kraftstasjon/ Om Skjerka kraftstasjon på heimesida til Agder Energi] | *[https://www.ae.no/virksomhet/vannkraft/kraftstasjoner/skjerka-kraftstasjon/ Om Skjerka kraftstasjon på heimesida til Agder Energi] | ||
*[http://www.tu.no/artikler/bygger-nye-dammer-i-stedet-for-a-oppgradere-gamle/230449 Artikkel om utbygginga i 2016-2017 i Teknisk Ukeblad] | *[http://www.tu.no/artikler/bygger-nye-dammer-i-stedet-for-a-oppgradere-gamle/230449 Artikkel om utbygginga i 2016-2017 i Teknisk Ukeblad] | ||
*''[[Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk]]'', utgjeve av VAE Energi AS, 2000 | |||
[[Kategori:Kraftverk]] | [[Kategori:Kraftverk]] | ||
[[Kategori:Næringsliv i Åseral]] | [[Kategori:Næringsliv i Åseral]] | ||
Versjonen frå 21. september 2020 kl. 07:55
Skjerka kraftverk er eit vannkraftverk i Åseral kommune. Kraftverket nyttar eit fall på 346 meter frå Øvre Skjerkevatn. Nåvatn blir også brukt som magasin. I tillegg vert det overført vatn til Nåvatn frå Langevatn og Kvennevatnet på Ljosland lenger nord gjennom ein over 13 km lang tunnel.
Vatnet vert leia i ein 1,8 km lang tunnel frå inntaksmagasinet ned til kraftstasjonen på Skjerka. Samla effekt er 98 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 570 - 612 GWh. Vatnet frå kraftverket renn ut i Ørevatn.
Kraftverket er eigd av Agder Energi. Det er det 2. største kraftverket i selskapet.
Vidare utbygging
Det er dei seinare åra (2016-2019) gjort ei stor oppgradering av Skjerka kraftverk. Dei eksisterande fire dammane ved Nåvatn blei heilt eller delvis fjerna. Den gamle betongdammen i Skjerkevatn blei riven. Det blei i staden bygd to nye store steinfyllingsdammar, ein i Skjerkevatn og ein i Heddersvika. Etter utbygginga vart vasstanden i Skjerkevatn heva med 23 meter, og Skjerkevatn og Nåvatn blei eitt stort magasin. Større magasin og auka fallhøgde gav auka produksjon i kraftverket.
Historie
Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei då bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Øvre Skjerkevatn. Produksjonen starta i 1932. Gennomsnittleg årsproduksjon i denne stasjonen var 492 GWh. Utbygginga var den første store i Mandalsvassdraget. Dei gamle aggregata står fortsatt i stasjonen, og skal kunne brukast i periodar med ekstra stor tilgang på vatn.
Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen er sprengt inn i fjellet.
Kulturminne
Som en heilskap er kraftanlegget gitt vern som eit av kulturminna i norsk kraftproduksjon. Noko av grunngjevinga for dette er at stasjonen syner kontinuiteten i kraftutbygginga, med gamal kraftstasjon i dagen og ny i fjellhall, dessutan med dei opphavelege aggregata, i tillegg til at ein kan finne to turbintypar (Pelton- og Francis-turbinar) i same stasjon.
Kjelder
- Artikkelen om Skjerka kraftverk på Wikipedia (bokmål)
- Om Skjerka kraftverk på nettsida til NVE
- Om Skjerka kraftstasjon på heimesida til Agder Energi
- Artikkel om utbygginga i 2016-2017 i Teknisk Ukeblad
- Utbyggingen av Skjerka kraftverk i Åseral. Et historisk tilbakeblikk, utgjeve av VAE Energi AS, 2000