Hopp til innhald

Skjoldmøynuten: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Skjoldmøynuten
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Mal:Spire
Line 5: Line 5:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[https://www.yr.no/sted/Norge/Aust-Agder/Bygland/Skjoldm%C3%B8ynuten/ Om Skjoldmøynuten på Yr.no]
*[https://www.yr.no/sted/Norge/Aust-Agder/Bygland/Skjoldm%C3%B8ynuten/ Om Skjoldmøynuten på Yr.no]
{{spire}}


[[Kategori:Fjell i Bygland]]
[[Kategori:Fjell i Bygland]]

Versjonen frå 22. oktober 2017 kl. 16:22

Skjoldmøynuten er eit fjell (654 moh.) mellom Frøysnes og Ose, sør for Reiårsfossen, på vestsida av Åraksfjorden, i Bygland. To skjoldmøyer skal ha vist seg på toppen av fjellet under ei messe i Austad kyrkje, på andre sida av fjorden. Skjoldmøyene spelte så vent at heile kyrkjelyden gjekk frå gudstenesta og ut for å høyre dei spele i lurane sine.

Eit anna segn seier at det var sju skjoldmøyer. Då presten fekk sjå dei på toppen av fjellet lyste han dei i bann, og dei blei til stein. I følge dette segnet er heile «fjellrekka» mellom Frøysnes og Reiårsfossen dei sju skjoldmøyane som står der forsteina.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.