Kvistoga (Øvre Hegland): Skilnad mellom versjonar
s Lenke gard |
s Endret kategori |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
*[http://www.nb.no/nbsok/nb/89472c9c43c0a3793a28cce0748173cd?index=13#43 Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 39] | *[http://www.nb.no/nbsok/nb/89472c9c43c0a3793a28cce0748173cd?index=13#43 Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 39] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Husmannsplasser i Bygland]] | ||
Versjonen frå 28. juli 2017 kl. 00:34
Kvistoga var ein husmannsplass under garden Øvre Hegland i Bygland, nokre få hundre meter nord for Granheim. Plassen må ha blitt rydda ein gong etter 1843. Husmannen var Salve Tellefson Kvinen (1792-1866). Han kom frå husmannsplassen Nedre Kviplassen ved Kvifjorden langt inne i fjellheimen ved grensa mellom Bygland og Sirdal. Kona var Gunhild Karlsdotter Handeland (1794-1867).
Kaptein Falkenberg laga eit etter måten påliteleg kart over Setesdal i 1850. Staden der Kvistoga låg er då kalla «Fattighuus».
Salve Tellefson døydde i 1866. Truleg flytta kona også frå plassen då. Etter dei skal Olav Olavson Sordal (f. 1833) ha budd i Kvistoga. Ved folketeljinga i 1865 budde han og kona ein annan stad på Hegland. Truleg var Kvistoga ikkje meir i bruk etter det.
Det er sagt at stova i Kvistoga er flytta til støylen Grostøyl.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 374-375
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 39