Nørdre Rygnestad: Skilnad mellom versjonar
s →Historie: småpuss |
s Gnr. |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Rygnestadtunet - Valle 041214 (2).jpg|miniatyr|høyre|Rygnestad med Nordigard i framgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Rygnestadtunet - Valle 041214 (2).jpg|miniatyr|høyre|Rygnestad med Nordigard i framgrunnen. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Nørdre Rygnestad''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] på [[Rygnestad]], på austsida av [[Otra]], nord i [[Valle]]. Bruka og teigane til Nørdre Rygnestad og nabogarden [[Syndre Rygnestad]] ligg noko om einannan, slik at skiljet mellom dei i matrikkelen er noko kunstig, skriv [[Alfred Ryningen]] i [[Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle|gards- og ættesoga for Valle]]. | '''Nørdre Rygnestad''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 23) på [[Rygnestad]], på austsida av [[Otra]], nord i [[Valle]]. Bruka og teigane til Nørdre Rygnestad og nabogarden [[Syndre Rygnestad]] ligg noko om einannan, slik at skiljet mellom dei i matrikkelen er noko kunstig, skriv [[Alfred Ryningen]] i [[Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle|gards- og ættesoga for Valle]]. | ||
== Heimar og bruk i Nørdre Rygnestad == | == Heimar og bruk i Nørdre Rygnestad == | ||
Versjonen frå 26. februar 2017 kl. 13:21

Nørdre Rygnestad er ein gard (gnr. 23) på Rygnestad, på austsida av Otra, nord i Valle. Bruka og teigane til Nørdre Rygnestad og nabogarden Syndre Rygnestad ligg noko om einannan, slik at skiljet mellom dei i matrikkelen er noko kunstig, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle.
Heimar og bruk i Nørdre Rygnestad
Historie
Ein reknar med at det var folk på Rygnestad iallefall frå vikingtida. Kanskje blei Rygnestad delt i to bruk, Nørdre og Syndre Rygnestad, rundt 1500. Den første namngjevne bonden på Nørdre Rygnestad er Torleiv Kjetilsson Rygnestad. Han var far til Åsmund Torleivsson Rygnestad, i folketalen mykje kjend som «Vonde-Åsmund». Nørdre Rygnestad ser ut til å ha vore einbølt til minst 1594. I 1611, etter at Åsmund Torleivsson var død, blei garden delt mellom enka Jorunn Eivindsdotter og sonen Torleiv. Den største delen blei delt igjen i 1640, og blei til Nordigard og Systog. Nordigard er det gardsbruket Vonde-Åsmund budde på, og der det gamle gardstunet seinare er blitt til det vidkjende Rygnestadtunet. Frå 1640 var det dermed tre bruk i Nørdre Rygnestad. Frå ca 1841 blei den andre delen av garden også delt opp i fleire mindre bruk og eigedomar. I 1981 var det 49 bruksnummer i garden.