Hopp til innhald

Torgeir Uleberg: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Språkpuss
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 19: Line 19:
[[Kategori:Idrettsutøvere]]
[[Kategori:Idrettsutøvere]]
[[Kategori:Otra IL]]
[[Kategori:Otra IL]]
[[Kategori:Skyting]]

Versjonen frå 28. januar 2018 kl. 09:34

Torgeir Uleberg
Torgeir 2010.
Født: 1948 (alder 77–78)

Torgeir Uleberg (fødd 1948) er pensjonert landpostbud og bur på småbruket KlevenØvre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Han arbeidde i Posten Norge i 47 år. Han begynte som landpostbud i Hornnes 1. februar 1970. Ved sida av jobben som landpostbud, dreiv han i mange år med mjølkekyr på garden.

Torgeir er ein framståande skyttar. Han vann felthurtigskytinga («Stuparen») på Landsskytterstevnet 1989 på Evjemoen, og blei nr. 2 i Kristiansand ti år tidlegare. Fem gonger har han vore mellom dei fem beste i denne spesialgreina.

Han er også ein ivrig turløpar i langrenn. Han har gått Sesilåmi 33 gonger, Birkebeineren ti gonger og også vore med i Vasaloppet i Sverige. Han har motteke Otra ILs Ærespris for mangeårig administrativt arbeid og dugnadsarbeid i skigruppa i Otra IL.

Foreldra til Torgeir var Torborg Uleberg (fødd Dåsvatn) og Søren T. Uleberg. Han var gift med Laila Tønnessen, men dei er skilde. Saman har dei borna Torunn Uleberg (fødd 1970), Marianne Uleberg (fødd 1972) og Jon Uleberg (f. 1979).

Kjelder