Hopp til innhald

Monn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ekstern lenke
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Line 8: Line 8:


== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157662481003931 Fleire bilete av elva på Flickr]


== Kart ==
== Kart ==

Versjonen frå 21. desember 2015 kl. 00:30

I desember 2015 var det mykje mildvær og nedbør, og vassføringa i Monn var til tider stor. Dette er ein av dei fine fossane der elva fell bratt ned mot Kyrkjebygd før ho flatar ut og renn ut i Ørevatn.

Monn er ei elv i Bygland og Åseral kommunar. Elva har utspring i Monsvatn (870 m.o.h.) i Setesdal Vesthei, i grensetraktene mellom Bygland og Valle. På veg sørover passerer ho ei rekkje vatn som Gaukheivatn, Langevatn, Ljoslandsvatnet og Brelandsvatnet før ho renn ut i Ørevatn i Kyrkjebygd. Ned mot Kyrkjebygd fell ho bratt og lagar store stryk og fossar. Før utløpet i Ørevatn flatar ho ut og renn rolegare. Saman med elvene Logna og Skjerka danner Monn Mandalselva etter samløpet i Ørevatn.

Store delar av nedslagsfeltet til Monn er overført frå Langevatn til Nåvatn, og blir utnytta i Skjerka kraftverk. Noko vatn blir også overført til bruk i Smeland kraftverk i Lognadalen. Store delar av året er det derfor lite vatn i elva.

Kjelder

  • Svein Jakob Saltveit, Smeland kraftverk. Fiskebiologiske undersøkelser i Logna og Monn, Vest-Agder, Oslo 1980, side 6

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...