Hopp til innhald

Huldreheimen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Huldreheimen Bykle
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt inn lenke til artikkel på lokalhistoriewiki.no
Line 12: Line 12:
== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==
*[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=3&des_id=3 Om Huldreheimen på heimesida til Setesdalsmuseet]]
*[http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=3&des_id=3 Om Huldreheimen på heimesida til Setesdalsmuseet]]
*[https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Huldreheimen_(Bykle) Om Huldreheimen på lokalhistoriewiki.no]]


[[Kategori:Setesdalsmuseet]]
[[Kategori:Setesdalsmuseet]]
[[Kategori:Kultur i Bykle]]
[[Kategori:Kultur i Bykle]]

Versjonen frå 21. juli 2015 kl. 07:27

Huldreheimen er eit bygdetun i Bykle, samla av dr. Anton Raabe og skodespelarinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden. Av seks bygningar er tre frå Bykle og tre frå Valle/Hylestad. I borgarleg nasjonalromantisk ånd skapte Raabe og Segelcke seg eit ferieparadis slik dei sjølve sa det, og ynskte samstundes å ta vare på gamal setesdalskultur som var i ferd med å forsvinne. Tunet er slik sett ikkje eit gardstun, men ei samling av enkeltbygningar og -gjenstandar.

Huldreheimen består av ei årestoge (ca 1500) frå Tveiten i Valle, ei støylsbu frå Heddestøyl i Finndalen, Margitsloptet (ca 1600) frå Jåro i Bykle, stolpehus (ca 1600) frå Uppstad, eit loft, Ryningsloptet, (truleg 1300-1400) og eit kvernhus (ca 1700) frå Nesland i Bykle.

Huldreheimen vart gitt i gåve til Bykle kommune i 1948. Familien Raabe/Segelcke hadde rett til å bruke tunet, og Tore Segelcke var på årlege sommarbesøk heilt til midten av 1970-talet. Då gjekk ho rundt i setesdalsstakkar, og var som ei av bygdas eigne kvinner.

Bykle kommune har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. Huldreheimen står som den gjorde då Raabe og Segelcke brukte den.

Kjelder

  • Setesdalsmuseet, Bykle - Hovden jernvinnemuseum, Huldreheimen, Lislestog/Bykle kyrkje, brosjyre

Eksterne lenker