Otra Kraft: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke til Skagerak Kraft
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Litt om hvem som startet selskapet
Line 1: Line 1:
[[Fil:Framside jubileumsbok Otra Kraft.jpg|thumb|[[Otra Kraft, glimt fra 50 års historie|Jubileumsboka]]]]
[[Fil:Framside jubileumsbok Otra Kraft.jpg|thumb|[[Otra Kraft, glimt fra 50 års historie|Jubileumsboka]]]]
[[Fil:Valle, Otra krafts kontorer Wcr.JPG|miniatyr|Otra Kraft sitt hovudkontor på Rysstad. {{Byline|[[Siri Johannessen]]}}]]
[[Fil:Valle, Otra krafts kontorer Wcr.JPG|miniatyr|Otra Kraft sitt hovudkontor på Rysstad. {{Byline|[[Siri Johannessen]]}}]]
'''Otra Kraft DA''' er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Eigarar er [[Agder Energi Vannkraft]] AS (68,6 prosent) og [[Skagerak Kraft]] AS (31,4 prosent). Hovudkontoret ligg på [[Rysstad]].
'''Otra Kraft DA''' er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Dei som etablerte selskapet var Aust-Agder Kraftverk, Kristiansands Elektrisitetsverk og Vestfold Kraftselskap. Eigarar i dag er [[Agder Energi Vannkraft]] AS (68,6 prosent) og [[Skagerak Kraft]] AS (31,4 prosent). Hovudkontoret ligg på [[Rysstad]].


Mellom [[kraftanlegga til Otra Kraft]] er tre kraftstasjonar. Det er [[Brokke kraftverk]], [[Holen kraftverk]] og [[Skarg kraftverk]]. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014.
Mellom [[kraftanlegga til Otra Kraft]] er tre kraftstasjonar. Det er [[Brokke kraftverk]], [[Holen kraftverk]] og [[Skarg kraftverk]]. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014.

Versjonen frå 19. august 2015 kl. 23:20

Jubileumsboka
Otra Kraft sitt hovudkontor på Rysstad.

Otra Kraft DA er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Dei som etablerte selskapet var Aust-Agder Kraftverk, Kristiansands Elektrisitetsverk og Vestfold Kraftselskap. Eigarar i dag er Agder Energi Vannkraft AS (68,6 prosent) og Skagerak Kraft AS (31,4 prosent). Hovudkontoret ligg på Rysstad.

Mellom kraftanlegga til Otra Kraft er tre kraftstasjonar. Det er Brokke kraftverk, Holen kraftverk og Skarg kraftverk. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014.

Til saman er det 7 aggregat i dei to første kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. I eit normalår produserer Otra Kraft 2350 millionar kilowattimar, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge.

Utbygginga

Utbygginga har gått i ei rekke trinn i løpet av dei 50 åra. Nedanfor fylgjer eit oversyn, der pengesummane er etter verdien på byggetidspunktet:

Byggetrinn 1

Brokke 1 vart bygd frå 1961 til 1964 kosta 296 millionar. Av dette gjekk 43 millionar til å bygge 279 km linjer. I tillegg vart det bygd ein 27 km lang tilløpstunnel til kraftstasjonen på Nomeland i Hylestad. Ni sideelvar vart tekne inn i tunnelen.

Byggetrinn 2

Brokke 2 vart fullført frå 1974 til 1978 og kosta 209 millionar. I denne utbygginga var mellom anna dam ved Botsvatn.

Byggetrinn 3

Brokke 3 vart gjennomført frå 1979 til 1982 og omfatta overføring av Otra frå Lislevatn til Vatndalsvatnet. Holen kraftverk var i drift frå 1981, Breive pumpestasjon i 1982 og Vatndalsdammen i 1983. Dette byggetrinnet kosta 1780 millionar.

Byggetrinn 4

Brokke 4 omfatta utbygginga av Skarje og pumpestasjon og aggregat 3 i Holen. Det kosta 495 millionar og vart gjennomført i 1987 til 1990.

Byggetrinn 5

Byggetrinn 5 kosta 68 millionar og vart gjennomført frå 1995 til 1997. Dette byggetrinnet omfatta Urevasdammen.

Tilsette

Otra Kraft har bare fem tilsette. Det er

Kjelder

Eksterne lenker