Otra Kraft: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til et par kategorier |
Husstander som produksjonen tilsvarer |
||
| (3 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 2: | Line 2: | ||
[[Fil:Valle, Otra krafts kontorer Wcr.JPG|miniatyr|Otra Kraft sitt hovudkontor på Rysstad. {{Byline|[[Siri Johannessen]]}}]] | [[Fil:Valle, Otra krafts kontorer Wcr.JPG|miniatyr|Otra Kraft sitt hovudkontor på Rysstad. {{Byline|[[Siri Johannessen]]}}]] | ||
[[Fil:Bykle,_Skarg_kraftstasjon_0472.JPG|thumb|Skarg kraftstasjon i Bykle vart bygd i 2014.{{byline|Siri Johannessen|2021}}]] | [[Fil:Bykle,_Skarg_kraftstasjon_0472.JPG|thumb|Skarg kraftstasjon i Bykle vart bygd i 2014.{{byline|Siri Johannessen|2021}}]] | ||
'''Otra Kraft DA''' er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Dei som etablerte selskapet var Aust-Agder Kraftverk, Kristiansands Elektrisitetsverk og Vestfold Kraftselskap. Eigarar i dag er [[ | '''Otra Kraft DA''' er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Dei som etablerte selskapet var Aust-Agder Kraftverk, Kristiansands Elektrisitetsverk og Vestfold Kraftselskap. Eigarar i dag er [[Å Energi Vannkraft]] AS (68,6 prosent) og [[Skagerak Kraft]] AS (31,4 prosent). Hovudkontoret ligg på [[Nomeland (Valle gnr 64)|Nomeland]] i [[Hylestad]]. | ||
== Anlegga == | == Anlegga == | ||
Mellom [[kraftanlegga til Otra Kraft]] er tre kraftstasjonar. Det er [[Brokke kraftverk]], [[Holen kraftverk]] (Holen 1 + 2 og Holen 3) og [[Skarg kraftstasjon]]. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014. | Mellom [[kraftanlegga til Otra Kraft]] er tre kraftstasjonar. Det er [[Brokke kraftverk]], [[Holen kraftverk]] (Holen 1 + 2 og Holen 3) og [[Skarg kraftstasjon]]. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014. | ||
Til saman er det sju aggregat i dei to første kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. Gjennomsnittsproduksjonen i Otra Kraft sine anlegg dei siste 10 år (2011–2020) er 2 792 GWh, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge. I 2019 var produksjonen 2 964 GWh (106 % av gjennomsnittet siste 10 år). | Til saman er det sju aggregat i dei to første kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. Gjennomsnittsproduksjonen i Otra Kraft sine anlegg dei siste 10 år (2011–2020) er 2 792 GWh, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge. I 2019 var produksjonen 2 964 GWh (106 % av gjennomsnittet siste 10 år). Produksjonen utgjer forbruket til ca. 180 000 husstandar. | ||
== Operatøravtale med | == Operatøravtale med Å Energi == | ||
Å Energi Vannkraft er operatør av Otra Kraft sine anlegg. Verksemda blir regulert av en operatøravtale. Operatøren står for dagleg drift, vedlikehald og prosjektgjennomføring ved Otra Kraft sine kraft- og reguleringsanlegg. | |||
== Dagleg leiing Otteraaens Brugseierforening == | == Dagleg leiing Otteraaens Brugseierforening == | ||
Otra Kraft har ein avtale med [[Otteraaens Brugseierforening]] om at dagleg leiar av Otra Kraft, [[Grunde Johnsen]], ivaretar den | Otra Kraft har ein avtale med [[Otteraaens Brugseierforening]] om at dagleg leiar av Otra Kraft, [[Grunde Johnsen]], ivaretar den daglege leiinga og administrasjon i Otteraaens Brugseierforening. | ||
==Tilsette== | ==Tilsette== | ||
| Line 51: | Line 51: | ||
[[Kategori:Otra Kraft| ]] | [[Kategori:Otra Kraft| ]] | ||
[[Kategori:Vannkraft]] | |||
[[Kategori:Etableringer i 1960]] | [[Kategori:Etableringer i 1960]] | ||
[[Kategori:Næringsliv i Valle]] | [[Kategori:Næringsliv i Valle]] | ||
[[Kategori:Hylestad]] | [[Kategori:Hylestad]] | ||
Siste versjonen frå 24. november 2024 kl. 17:19

Otra Kraft DA er eit selskap som vart etablert i 1960 som IS Øvre Otra. Dei som etablerte selskapet var Aust-Agder Kraftverk, Kristiansands Elektrisitetsverk og Vestfold Kraftselskap. Eigarar i dag er Å Energi Vannkraft AS (68,6 prosent) og Skagerak Kraft AS (31,4 prosent). Hovudkontoret ligg på Nomeland i Hylestad.
Anlegga
Mellom kraftanlegga til Otra Kraft er tre kraftstasjonar. Det er Brokke kraftverk, Holen kraftverk (Holen 1 + 2 og Holen 3) og Skarg kraftstasjon. Den fyrste vart bygd i perioden frå selskapet vart starta til 1964/65, då dei tre første aggregata vart sette i drift. I 1976 kom eit fjerde aggregat. Den andre kraftstasjonen vart ferdig og sett i drift i 1981. Den tredje, Skarg, er heilt ny og vart sett i drift i 2014.
Til saman er det sju aggregat i dei to første kraftstasjonane. Variasjon i vassmengde avgjer kor mykje kraft ein kan ta ut i året. Samla innstallert yting er 900 MVA. Ved konstruksjonsfallhøgde kan ein ta ut 656 MW. Gjennomsnittsproduksjonen i Otra Kraft sine anlegg dei siste 10 år (2011–2020) er 2 792 GWh, som er om lag 2,2% av den totale vasskraftproduksjonen i Norge. I 2019 var produksjonen 2 964 GWh (106 % av gjennomsnittet siste 10 år). Produksjonen utgjer forbruket til ca. 180 000 husstandar.
Operatøravtale med Å Energi
Å Energi Vannkraft er operatør av Otra Kraft sine anlegg. Verksemda blir regulert av en operatøravtale. Operatøren står for dagleg drift, vedlikehald og prosjektgjennomføring ved Otra Kraft sine kraft- og reguleringsanlegg.
Dagleg leiing Otteraaens Brugseierforening
Otra Kraft har ein avtale med Otteraaens Brugseierforening om at dagleg leiar av Otra Kraft, Grunde Johnsen, ivaretar den daglege leiinga og administrasjon i Otteraaens Brugseierforening.
Tilsette
Otra Kraft har bare fire tilsette. Det er:
- Kraftverksdirektør Grunde Johnsen
- Sjefsingeniør eigedom og vassdragsverksemd Gjermund Espetveit
- Sjefsingeniør elektro Torstein Bjørgum
- Sjefsingeniør maskin Åsulv Haugetveit
Utbygginga
Utbygginga har gått i ei rekke trinn i løpet av dei 60 åra. Nedanfor fylgjer eit oversyn, der pengesummane er etter verdien på byggetidspunktet:
Byggetrinn 1
Brokke 1 vart bygd frå 1961 til 1964 og kosta 296 millionar. Av dette gjekk 43 millionar til å bygge 279 km linjer. I tillegg vart det bygd ein 27 km lang tilløpstunnel til kraftstasjonen på Nomeland i Hylestad. Ni sideelvar vart tekne inn i tunnelen.
Byggetrinn 2
Brokke 2 vart fullført frå 1974 til 1978 og kosta 209 millionar. I denne utbygginga var mellom anna dam ved Botsvatn.
Byggetrinn 3
Brokke 3 vart gjennomført frå 1979 til 1982 og omfatta overføring av Otra frå Lislevatn til Vatndalsvatnet. Holen kraftverk var i drift frå 1981, Breive pumpestasjon i 1982 og Vatndalsdammen i 1983. Dette byggetrinnet kosta 1780 millionar.
Byggetrinn 4
Brokke 4 omfatta utbygginga av Skarje og pumpestasjon og aggregat 3 i Holen. Det kosta 495 millionar og vart gjennomført i 1987 til 1990.
Byggetrinn 5
Byggetrinn 5 kosta 68 millionar og vart gjennomført frå 1995 til 1997. Dette byggetrinnet omfatta Urevassdammen.
Kjelder
- Jostein Blokhus: Med kraft gjennom dalen i 50 år. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 19. oktober 2011 side 2 og 3
- Olav Egeland: Otra Kraft
- Årsmelding 2019 Otra Kraft DA