Hovet: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Historie: lenke Kulturhistorisk museum
 
(6 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Hovet 150516.jpg|miniatyr|høyre|Hovet i sentrum av biletet og litt av Haugen til høgre. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Hovet 150516.jpg|miniatyr|høyre|Hovet i sentrum av biletet og litt av Haugen til høgre. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Hovet - Haugen 290117 (2)-2.jpg|miniatyr|høyre|Noko av Hovet og Haugen ein vinterdag i januar 2017. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
[[Fil:Hovet - Haugen 290117 (2)-2.jpg|miniatyr|høyre|Noko av Hovet og Haugen ein vinterdag i januar 2017. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Hovet''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 67) og ei lita grend i [[Hylestad]], på austsida av [[Otra]], i [[Valle kommune]]. Dei eldste bruka ligg på sletta nede ved elva. Fleire nyare bustader ligg oppover i bakkane i nordre delen av grenda.   
[[Fil:Hovet Hylestad 080624-2.jpg|mini|høgre|Hovet [[8. juni 2024]]. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
'''Hovet''' er ein [[Gard (matrikkelgard)|gard]] (gnr. 65) og ei lita grend i [[Hylestad]], på austsida av [[Otra]], i [[Valle kommune]]. Dei eldste bruka ligg på sletta nede ved elva. Fleire nyare bustader ligg oppover i bakkane i nordre delen av grenda.   


== Gardsgrensene ==
Grensene mot nabogarden [[Haugen (Valle gnr. 66)|Haugen]] er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv [[Alfred Ryningen]] i [[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad|gards- og ættesoga for Hylestad]]. [[Bjørgum]] og [[Straume]] er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot [[:no:Telemark|Telemark]]. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg [[Nomeland (Valle gnr 64)|Nomeland]].  
Grensene mot nabogarden [[Haugen (Valle gnr. 66)|Haugen]] er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv [[Alfred Ryningen]] i [[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad|gards- og ættesoga for Hylestad]]. [[Bjørgum]] og [[Straume]] er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot [[:no:Telemark|Telemark]]. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg [[Nomeland (Valle gnr 64)|Nomeland]].  


Frå [[Riksveg 9]] på Nomeland går [[Fylkesveg 332]] over [[Skagen bru]] fram til Hovet og Haugen. Lokalt heiter første delen av vegen [[Skagevegen]]. Gjennom Hovet og Haugen kallast han [[Hovetvegen]].  
== Vegar ==
Frå [[Riksveg 9]] på Nomeland går [[Fylkesveg 332]] over [[Skagen bru]] fram til Hovet og Haugen. Lokalt heiter første delen av vegen [[Skagevegen]]. Gjennom Hovet og Haugen kallast han [[Hovetvegen]]. Frå Hovetvegen går ein skogsbilveg, [[Gjerdestøylvegen]], om lag sju km innover i [[Hovsdalen]] til [[Gjerdestøyl]].


== Historie ==
== Historie ==
Hovet må omfatte delar av den no bortkomne garden [[Hylje]], som i si tid har gitt namn til heile soknet Hylestad.<ref>[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 39</ref> Ein må rekne med at Hovet er ein gamal gard, kanskje mellom dei eldste i heile Valle. Det er funne ein beltering og ein nøkkel av bronse frå [[:lokhist:Folkevandringstida|folkevandingstida]] (ca 400-600 e.Kr.) og andre funn frå vikingtida. Det er også fleire gravhaugar på garden sin grunn. Desse er tidfesta til ca 850-900. e.Kr. I 2007 gjorde Kulturhistorisk museum ei utgraving av delar av gravfeltet. Tre gravminne blei nærare undersøkt. Utgravinga gav ny kunnskap om gravskikken i yngre jernalder.<ref>[[Ole Kjos]], ''Gravskikken i yngre jernalder'', artikkel i [[Spor i Setesdalsjord]], utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmusèet, 2014, side 87-99</ref>
Hovet må omfatte delar av den no bortkomne garden [[Hylje]], som i si tid har gitt namn til heile soknet Hylestad.<ref>[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgjeve av Valle kommune, 1994, side 39</ref> Ein må rekne med at Hovet er ein gamal gard, kanskje mellom dei eldste i heile Valle. Det er funne ein beltering og ein nøkkel av bronse frå [[:lokhist:Folkevandringstida|folkevandingstida]] (ca 400–600 e.Kr.) og andre funn frå vikingtida. Det er også fleire gravhaugar på garden sin grunn. Desse er tidfesta til ca 850–900. e.Kr. I 2007 gjorde [[Kulturhistorisk museum]] ei utgraving av delar av gravfeltet. Tre gravminne blei nærare undersøkt. Utgravinga gav ny kunnskap om gravskikken i yngre jernalder.<ref>[[Ole Kjos]], ''Gravskikken i yngre jernalder'', artikkel i [[Spor i Setesdalsjord]], utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmusèet, 2014, side 87–99</ref>


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side 137-242
*[[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad]]'', utgjeve av Valle kommune, 1985, side 137–242
*[http://www.seeiendom.no/ Kart på nettsida til Statens Kartverk]
*[http://www.seeiendom.no/ Kart på nettsida til Statens Kartverk]



Siste versjonen frå 26. oktober 2024 kl. 07:43

Hovet i sentrum av biletet og litt av Haugen til høgre.
Noko av Hovet og Haugen ein vinterdag i januar 2017.
Foto: Geir Daasvatn
Hovet 8. juni 2024.
Foto: Geir Daasvatn

Hovet er ein gard (gnr. 65) og ei lita grend i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Dei eldste bruka ligg på sletta nede ved elva. Fleire nyare bustader ligg oppover i bakkane i nordre delen av grenda.

Gardsgrensene

Grensene mot nabogarden Haugen er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Bjørgum og Straume er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot Telemark. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg Nomeland.

Vegar

Frå Riksveg 9 på Nomeland går Fylkesveg 332 over Skagen bru fram til Hovet og Haugen. Lokalt heiter første delen av vegen Skagevegen. Gjennom Hovet og Haugen kallast han Hovetvegen. Frå Hovetvegen går ein skogsbilveg, Gjerdestøylvegen, om lag sju km innover i Hovsdalen til Gjerdestøyl.

Historie

Hovet må omfatte delar av den no bortkomne garden Hylje, som i si tid har gitt namn til heile soknet Hylestad.[1] Ein må rekne med at Hovet er ein gamal gard, kanskje mellom dei eldste i heile Valle. Det er funne ein beltering og ein nøkkel av bronse frå folkevandingstida (ca 400–600 e.Kr.) og andre funn frå vikingtida. Det er også fleire gravhaugar på garden sin grunn. Desse er tidfesta til ca 850–900. e.Kr. I 2007 gjorde Kulturhistorisk museum ei utgraving av delar av gravfeltet. Tre gravminne blei nærare undersøkt. Utgravinga gav ny kunnskap om gravskikken i yngre jernalder.[2]

Kjelder

Referansar

  1. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 39
  2. Ole Kjos, Gravskikken i yngre jernalder, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmusèet, 2014, side 87–99

Kart

Laster kart ...