Jorunn Jonsdotter Skomedal: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Jorunn Jonsdotter Skomedal
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Orto
 
(4 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
'''Jorunn Jonsdotter Skomedal''' (fødd 1805, død 28. april 1902) var husmannskone på [[Jonsplass (Sandnes)|Jonsplass]] på [[Søndre Sandnes]] og døydde fattig på [[Skomedal]] i [[Bygland]]. Men «(h)o blir hugsa som ein meister i kveding og til å seie soger (forelje eventyr). Ho blir rekna å vere mellom dei beste kvinnelege kvedarane og sogeforteljarane her har vore i Setesdal».<ref>Reidar Vollen, ''Bygland gard og ætt'', bind VI, side 248 første spalte</ref>  
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =  | fmåned =  | får = 1805 | ddag = 28 | dmåned = 4 | dår = 1902}}'''Jorunn Jonsdotter Skomedal''' (fødd 1805, død 28. april 1902) var husmannskone på [[Jonsplass (Sandnes)|Jonsplass]] på [[Søndre Sandnes]] og døydde fattig på [[Skomedal]] i [[Bygland]]. Men «(h)o blir hugsa som ein meister i kveding og til å seie soger (forelje eventyr). Ho blir rekna å vere mellom dei beste kvinnelege kvedarane og sogeforteljarane her har vore i Setesdal».<ref>Reidar Vollen, ''Bygland gard og ætt'', bind VI, side 248 første spalte</ref>  


== Livsløp ==
== Livsløp ==
Jorunn var gift med [[Jon Niklasson Skomedal]] (1804-1864). Dei var leiglendingar på Skomedal i meir enn 15 år. I 1842 kom dei til [[Sandnes]] og Jonsplass. I 1860 eller 1861 flytta dei til [[Frøysnes]]. Her blei dei verande eit par år, truleg til hausten 1863. Ektemaken Jon døydde i 1864. I 1865 var Jorunn hos dottera Signe og mannen hennar, som var leiglendingar på bruket «Den lisle Nordgarden» på Skomedal. I 1875 var ho tenestejente på [[Nedre Lande]] i [[Grendi]]. I 1891 budde ho hos sonen Torjus på husmannsplassen Odden, og var forsørga av fattigkassa. I 1900 var ho hos sonen Eivind på husmannsplassen Snippen på Skomedal og forsørga av det offentlege. Ho døydde som legdslem i 1902.  
Jorunn var gift med [[Jon Niklasson Skomedal]] (1804-1864). Dei var leiglendingar på Skomedal i meir enn 15 år. I 1842 kom dei til [[Sandnes]] og Jonsplass. I 1860 eller 1861 flytta dei til [[Frøysnes]]. Her blei dei verande eit par år, truleg til hausten 1863. Ektemaken Jon døydde i 1864. I 1865 var Jorunn hos dottera Signe og mannen hennar, som var leiglendingar på bruket «Den lisle Nordgarden» på Skomedal. I 1875 var ho tenestejente på [[Nedre Lande (Bygland gnr. 57 bnr. 2)|Nedre Lande]] i [[Grendi]]. I 1891 budde ho hos sonen Torjus på husmannsplassen Odden, og var forsørga av fattigkassa. I 1900 var ho hos sonen Eivind på husmannsplassen Snippen på Skomedal og forsørga av det offentlege. Ho døydde som legdslem i 1902.  


[[Reidar Vollen]] kallar Jorunn ei gåverik kvinne, og skriv: «Mange av dei kjende kulturberarane i Setesdal høyrde til husmannsklassen og det er eit paradoks at dei fleste av desse, som i ettertid er langt meir kjende enn dei som høyrde til gardbrukarklassen, levde under svært tronge økonomiske kår; ikkje minst når dei blei gamle. Slik var det også med Jorunn.»<ref>Reidar Vollen, ''Bygland gard og ætt'', bind VI, side 248 andre spalte</ref>
[[Reidar Vollen]] kallar Jorunn ei gåverik kvinne, og skriv: «Mange av dei kjende kulturberarane i Setesdal høyrde til husmannsklassen og det er eit paradoks at dei fleste av desse, som i ettertid er langt meir kjende enn dei som høyrde til gardbrukarklassen, levde under svært tronge økonomiske kår; ikkje minst når dei blei gamle. Slik var det også med Jorunn.»<ref>Reidar Vollen, ''Bygland gard og ætt'', bind VI, side 248 andre spalte</ref>
Line 13: Line 13:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 244-248
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 244–248


== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
== Eksterne lenker ==
*[https://www.geni.com/people/Jorunn-d-y-Lisle-Jorunn/6000000037755473238 Profilen til Jorunn J. Skomedal på Geni.com]


{{DEFAULTSORT:Skomedal, Jorunn Jonsdotter}}
{{DEFAULTSORT:Skomedal, Jorunn Jonsdotter}}
Line 22: Line 25:
[[Kategori:Dødsfall i 1902]]
[[Kategori:Dødsfall i 1902]]
[[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Døde personer fra Bygland kommune]]
[[Kategori:Folkemusikere]]

Siste versjonen frå 25. februar 2026 kl. 13:03

Jorunn Jonsdotter Skomedal
Født: 1805
Død: 28. april 1902 (alder 96–97)

Jorunn Jonsdotter Skomedal (fødd 1805, død 28. april 1902) var husmannskone på JonsplassSøndre Sandnes og døydde fattig på Skomedal i Bygland. Men «(h)o blir hugsa som ein meister i kveding og til å seie soger (forelje eventyr). Ho blir rekna å vere mellom dei beste kvinnelege kvedarane og sogeforteljarane her har vore i Setesdal».[1]

Livsløp

Jorunn var gift med Jon Niklasson Skomedal (1804-1864). Dei var leiglendingar på Skomedal i meir enn 15 år. I 1842 kom dei til Sandnes og Jonsplass. I 1860 eller 1861 flytta dei til Frøysnes. Her blei dei verande eit par år, truleg til hausten 1863. Ektemaken Jon døydde i 1864. I 1865 var Jorunn hos dottera Signe og mannen hennar, som var leiglendingar på bruket «Den lisle Nordgarden» på Skomedal. I 1875 var ho tenestejente på Nedre Lande i Grendi. I 1891 budde ho hos sonen Torjus på husmannsplassen Odden, og var forsørga av fattigkassa. I 1900 var ho hos sonen Eivind på husmannsplassen Snippen på Skomedal og forsørga av det offentlege. Ho døydde som legdslem i 1902.

Reidar Vollen kallar Jorunn ei gåverik kvinne, og skriv: «Mange av dei kjende kulturberarane i Setesdal høyrde til husmannsklassen og det er eit paradoks at dei fleste av desse, som i ettertid er langt meir kjende enn dei som høyrde til gardbrukarklassen, levde under svært tronge økonomiske kår; ikkje minst når dei blei gamle. Slik var det også med Jorunn.»[2]

Kvedar

L. M. Lindeman var i Bygland i 1861 og skreiv opp stev og viser, mellom anna etter Jorunn. Resultatet av innsamlinga er trykt i Ludvig Mathias Lindeman Samlarferd 1860 og 1861 (Norsk Musikksamling 1984). Åtte viser eller stev skreiv Lindeman opp etter henne, med både tekst og noter.

Sogeforteljar

Johannes Skar heldt til på Frøysnes i 1875. Han kom i kontakt med Jorunn, som då altså var på Nedre Lande. Skar skreiv opp fleire eventyr etter henne.

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, side 248 første spalte
  2. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, side 248 andre spalte

Eksterne lenker