Hopp til innhald

Ketil Grindheim: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
personmal
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Fjernet bildet
 
(2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
{{Person | bilde =Ketil Grindheim 030611.jpg | bildetekst ={{byline|[[Geir Daasvatn]]}} | fdag =28 | fmåned =4 | får = 1958| ddag = | dmåned = | dår = }}
{{Person | bilde = | bildetekst = | fdag =28 | fmåned =4 | får = 1958| ddag = | dmåned = | dår = }}
'''Svein Ketil Grindheim''' er fødd [[28. april 1958]] på Grim og oppvaksen ved Vollevannet i [[Kristiansand]], men bur no i [[Dåsnes]] i [[Hornnes]] saman med kona [[Marit Grindheim]]. Han er utdanna lærar, og tilsett ved [[Evje ungdomsskule]]. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i [[skigruppa]] i [[Otra IL]], og ein aktiv orienteringsløpar i [[orienteringsgruppa]]. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget.
'''Svein Ketil Grindheim''' (fødd 28. april 1958) kom til verda på Grim og er oppvaksen ved Vollevannet i [[Kristiansand]]. I dag bur han i [[Dåsnes]] i [[Hornnes]] saman med kona [[Marit Grindheim]]. Han er utdanna lærar, og tilsett ved [[Evje ungdomsskule]]. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i [[skigruppa]] i [[Otra IL]], og ein aktiv orienteringsløpar i [[orienteringsgruppa]]. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget.

Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var  Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl.  

Siste versjonen frå 14. juli 2018 kl. 08:19

Ketil Grindheim
Født: 28. april 1958 (68 år)

Svein Ketil Grindheim (fødd 28. april 1958) kom til verda på Grim og er oppvaksen ved Vollevannet i Kristiansand. I dag bur han i Dåsnes i Hornnes saman med kona Marit Grindheim. Han er utdanna lærar, og tilsett ved Evje ungdomsskule. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i skigruppa i Otra IL, og ein aktiv orienteringsløpar i orienteringsgruppa. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget.

Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl.

Då det kom på tale å starte opp skigymnas på Hovden vart Ketil kontakta. Her vart han verande i 13 år, berre med eit lite avbrot som landslagstrenar i perioden 2000-2001, kor han mellom anna hadde ansvaret for Bente Martinsen (Skari).

I 2003 flytta han til Dåsnes saman med kona Marit, som er frå Hornnes. Etter ei tid som reiselivssjef og dagleg leiar i Otra IL (2003-2005), byrja han som lærar på Evje. Her har han blitt verande.

Ved sida av å vere trenar for andre i ei årrekkje, har Ketil Grindheim òg sjølv vore ein god idrettsutøvar. Frå 9-10-årsalderen var han å sjå på friidrettsbanar i Kristiansands-området. Han spelte fotball i Vigør, mellom anna for seniorlaget i 3. divisjon (2. divisjon i dag). Han er også krinsmeister i langrenn, og har delteke i Noregsmeisterskap.

Kjelder

  • Landslagstrenar he slege rot i Dåsnes, artikkel på Moisund.com

Eksterne lenker

Landslagstrenar he slege rot i Dåsnes - Artikkel på Moisund.com