Hallandsfossen: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av fossen idag |
s Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning |
||
| (21 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hallandsfossen, Valle i Sætersdal - NB MS G4 0616.jpg|thumb|Hallandsfossen før reguleringa. {{byline|[[ | [[Fil:Hallandsfossen, Valle i Sætersdal - NB MS G4 0616.jpg|thumb|Hallandsfossen før reguleringa. {{byline|[[:no:Knud Knudsen (fotograf)|Knud Knudsen]]}}]] | ||
[[Fil:Hallandsfossen Valle 260915.jpg|miniatyr|høyre|Hallandsfossen i 2015. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Hallandsfossen Valle 260915-3.jpg|miniatyr|høyre|Øvre del av Hallandsfossen i 2015. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Hallandsfossen''' er ein foss i [[Otra]] heilt sør i [[Valle kyrkjebygd]]. [[Hallandsbrua]] går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom [[Riksveg 9]] og [[fylkeveg 331]] | [[Fil:Otra Hallandsfossen Valle 260915-3.jpg|miniatyr|høyre|Enorme krefter har i mange tusen år grave seg djupt ned i fjellet. Når det er minstevassføring i Otra, som det oftast er, er elva kanskje bare ein meter brei her. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Hallandsfossen''' er ein foss i [[Otra]] heilt sør i [[Valle kyrkjebygd]]. [[Hallandsbrua]] går over fossen frå [[Harstad]] til Åmlid mellom [[Riksveg 9]] og [[fylkeveg 331]]. | |||
==Kjelder== | Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. 17.-18. juni 1933 gjekk elva 8 meter over normal vasstand. Alt i 1770-åra skal presten Gjellebøl ha fått bøndene med på å grave av jorda på ei lita øy som låg i opninga av fossen. Det er den første reguleringa ein kjenner til av Otra i øvre delen av [[Setesdal]]. Seinare, i 1860-åra, arbeidde både sokneprest [[Magnus Falkenberg]] og etterfølgaren [[Peter Blom]] for å få senka elveløpet. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond (Elverenskningsfondet), og private bidrag frå bøndene på båe sider av elva, vart dette arbeidet gjort på siste halvdel av 1860-talet, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store. | ||
*[[Reidar Tveito]]s bok om bruer i Setesdal, juli 2014 | |||
Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Ein kan difor lett sjå korleis vatnet gjennom tusentals år har grave seg djupt ned i den harde gråsteinen, slik at elveløpet i den nedre delen av fossen er mest bare som ei smal skore i fjellet. Det trange gjelet er restar etter ei rekkje nedslipa jettegryter. Også i området rundt sjølve elveløpet er det mange velutvikla jettegryter, som har blitt til i tidlegare år då vassføringa i fossen var mykje større. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen. | |||
I den tredje rulleringa av Samla plan for vassdrag vart det gjort greie for ei mogeleg utbygging av Hallandsfossen med eit elvekraftverk bygd i dagen på sør-austsida av fossen. Dette prosjektet vart aldri gjennomført. | |||
Hallandsfossen og den gamle Hallandsbrua var truleg eit av dei mest populære fotomotiva i Setesdal i eldre tider. Den kjende fotografen [[:no:Anders Beer Wilse|Anders Beer Wilse]] er mellom dei som har teke berømte bilete her. [[:no:Axel Lindahl|Axel Lindahl]] har også motiv herfrå. | |||
== Kjelder == | |||
*[[Reidar Tveito]]s bok om [[Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen|bruer i Setesdal]], juli 2014, side 172-174 | |||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], [[Valle kommune VII, Kultursoge 1]], utgjeve av [[Valle kommune]], 1994, side 440-442 | |||
*''Vassdragsrapport, 021.F50 11524 Hallandsfoss'', Samlet plan for vassdrag, Aust-Agder fylke, Valle kommune, utgjeve av Miljøverndepartement, 1990, ISBN 82-7243-780-5 | |||
*[[Torgeir Drengson Bjørnaraa]], ''Hallandsfossen'', skildring av fossen attgjeve i [[Jol i Setesdal 1965]], side 32 | |||
== Kart == | |||
{{#display_map: 59.19090300441618,7.521514892578125~Hallandsfossen Valle}} | |||
[[Kategori:Otra]] | [[Kategori:Otra]] | ||
[[Kategori:Valle | [[Kategori:Fosser i Valle]] | ||
Siste versjonen frå 29. februar 2024 kl. 11:52



Hallandsfossen er ein foss i Otra heilt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen frå Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331.
Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa. Når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. 17.-18. juni 1933 gjekk elva 8 meter over normal vasstand. Alt i 1770-åra skal presten Gjellebøl ha fått bøndene med på å grave av jorda på ei lita øy som låg i opninga av fossen. Det er den første reguleringa ein kjenner til av Otra i øvre delen av Setesdal. Seinare, i 1860-åra, arbeidde både sokneprest Magnus Falkenberg og etterfølgaren Peter Blom for å få senka elveløpet. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond (Elverenskningsfondet), og private bidrag frå bøndene på båe sider av elva, vart dette arbeidet gjort på siste halvdel av 1860-talet, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store.
Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Ein kan difor lett sjå korleis vatnet gjennom tusentals år har grave seg djupt ned i den harde gråsteinen, slik at elveløpet i den nedre delen av fossen er mest bare som ei smal skore i fjellet. Det trange gjelet er restar etter ei rekkje nedslipa jettegryter. Også i området rundt sjølve elveløpet er det mange velutvikla jettegryter, som har blitt til i tidlegare år då vassføringa i fossen var mykje større. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp fareskilt og livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.
I den tredje rulleringa av Samla plan for vassdrag vart det gjort greie for ei mogeleg utbygging av Hallandsfossen med eit elvekraftverk bygd i dagen på sør-austsida av fossen. Dette prosjektet vart aldri gjennomført.
Hallandsfossen og den gamle Hallandsbrua var truleg eit av dei mest populære fotomotiva i Setesdal i eldre tider. Den kjende fotografen Anders Beer Wilse er mellom dei som har teke berømte bilete her. Axel Lindahl har også motiv herfrå.
Kjelder
- Reidar Tveitos bok om bruer i Setesdal, juli 2014, side 172-174
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 440-442
- Vassdragsrapport, 021.F50 11524 Hallandsfoss, Samlet plan for vassdrag, Aust-Agder fylke, Valle kommune, utgjeve av Miljøverndepartement, 1990, ISBN 82-7243-780-5
- Torgeir Drengson Bjørnaraa, Hallandsfossen, skildring av fossen attgjeve i Jol i Setesdal 1965, side 32