Stephanie Drach: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
stephanie drach
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
 
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist)
Line 12: Line 12:


==Kjelder==
==Kjelder==
*Informasjon frå [[Gunnar Stubseid]] i samband med konsert på Setesdalsfestivalen 2016, der han også deltok på kurs i hardingfelespel.
*Informasjon frå [[Gunnar Stubseid]] i samband med konsert på Setesdalsfestivalen 2016, der ho også deltok på kurs i hardingfelespel.
*[http://www.musikschulmanagement.at/magazin/00/artikel/86295/doc/d/plm_Programm_NOE_2009.pdf I Program NOE står fødselsår nederst på side 17]
*[http://www.musikschulmanagement.at/magazin/00/artikel/86295/doc/d/plm_Programm_NOE_2009.pdf I Program NOE står fødselsår nederst på side 17]


Line 18: Line 18:
[[Kategori:Musikere]]
[[Kategori:Musikere]]
[[Kategori:Fødsler i 1995]]
[[Kategori:Fødsler i 1995]]
[[Kategori:Setesdalsfestivalen 2016]]

Siste versjonen frå 10. august 2016 kl. 10:58

Stephanie Drach
Født: 1995 (alder 30–31)

Stephanie Drach (fødd 1995) er frå Wien, og fekk fiolinundervisning alt frå ho var seks år. I 12-årsalderen gjekk ho over frå fiolin til bratsj. Ho har studert ved universitetet i Graz, og frå 2014 ved Universität für Musik und darstellendes Kunst i Wien. Ho spelar på ein bratsj av Marino Capicchioni, og utlånt frå ei privat stifting.

Sentralt i utdanninga til Stephanie Drach er kammermusikken. Med sin eigen strykekvartett Con moto, som ho har spela i sidan 2008, har ho m.a. vore gjest ved European Chamber Music Akademy, i Konzerthaus Wien, ved Haydnfestspielen Eisenstadt og Mito Settembre Milano/Torino.

I konsertsesongen 2015/16 spela ho mellom anna i Musikverein Wien, Konzerthaus Wien, og hadde konsertoppdrag i Italia, Tyskland, Hong Kong, Singapur, Kina og Taiwan.

I samband med at ho var med på Norwegian Youth Chamber Music Festival 2016 i Stavanger, deltok ho på Setesdalsfestivalen 2016 på konsert i Hylestad kyrkje sundag 7. august 2016 klokka 12.

Heder

Stephanie har motteke prisar både som solist og i kammermusikk-samanheng.

Kjelder