Ropetangen
Utsjånad
Ropetangen stikk ut i Otra på sørsida av Sauekilen i Kilefjorden heilt nord i Hægeland i Vennesla kommune.
På austsida av fjorden, på Odderstøl, var det i eldre tid ein husmannsplass kalla «Stor-Øygard». Dei som budde der kunne hente dei som stod på andre sida og ropte for å bli skyssa over.
Kjelder
- Salve Øina. Brev frå ei øy, eige forlag, 2018, side 188