Hopp til innhald

Myrstålmyra

Frå Setesdalswiki
Myrstålmyra 9. desember 2018.
Den nordre delen av Myrstålmyra 8. juli 2026.

Myrstålmyra er ei stor myr på heia aust for Fylkesveg 3772, på garden Lauvland sin grunn, sør i Evje. Midt på myra ligg den vesle åsen Bueknutten. På vestsida av Bueknutten ligg Myrstøyltjønn.

Gymsåna renn over myra. Det går ein traktorveg, ein gamal gruveveg, frå Sagbakken gruve ved Fv-3772 oppover i terrenget og inn til myra. Frå Lauvland går Jerpedalen opp til myra.

Historie

I nyare tid har det vore fleire feltspat- og kvartsgruver rundt myra. I middelalderen var det truleg myrmalmprodukson her. På myra ligg Myrstålmyrbua, der Jørgen Løvland som ung gut skar inn mottoet «Les og vex» i buveggen.

Kjelder

Kart

Laster kart ...