Gunnarsvegen
Utsjånad
Foto: Geir Daasvatn
Gunnarsvegen er ein skogsbilveg på heia mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Han vart bygd i 1979. Vegen er ei forgreining av Flåtvegen, ein annan skogsbilveg i området. Gunnarsvegen går austover frå Flåtvegen, passerer Uretjønn på vestsida og endar rett nord for tjønna.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 207