Fyri Fish
Fyri Fish er eit selskap (AS) som planlegg å bygge ut og utvide Syrtveit Fiskeanlegg i Evje til eit storskala oppdrettsanlegg for bleke. Dei vil då overta anlegget frå Otteraaens Brugseierforening. Målet er å produsere 1 000 tonn matfisk i året.
Vinteren 2023 la firmaet fram eit forslag til reguleringsplan for det aktuelle området. Planen blei godkjend av Evje og Hornnes kommunestyre, men seinare oppheva av Statsforvalteren i Agder på grunn av saksbehandlingsfeil. Planlagt oppstart i 2024 er difor blitt skyve noko ut i tid. Ny reguleringsplanprosess pågår (2025).
I 2024 endra selskapet namn frå Fyri Ice Fish AS til Fyri Fish AS. Selskapet har base i Kristiansand. Styreleiar er Ole Kristoffer Torsvik. Atle Nuland Kristoffersen er dagleg leiar.
I januar 2025 vedtok Setesdal Regionråd å gje verksemda eit tilskot på 750 000 kroner til prosjektet «Bleka som global merkevare».
Kjelder
- Olav Åsen Haugsgjerd, Slik kan oppdrettsanlegget for bleke på Syrtveit bli, artikkel i Setesdølen nr. 25, 2023, side 6
- Proff.no
- Olav Åsen Haugsgjerd, – Midt i blinken for oss, artikkel om Fyri Fish og tilskot til blekeprosjektet i Setesdølen nr. 11, 2025, side 9
- Kunngering i Brønnøysundregisteret om endring av firmanamn og dagleg leiar