Coop Marked Ose
(Omdirigert frå Coop market Ose)

Foto: Reidar Tveito
Coop marked Ose er daglegvarebutikken på Ose. Opningstida med betjening er frå 9-17. Men ein kan kome inn i butikken og handle heile døgeret med CoopKey-app lasta ned på telefonen. Butikken, som i følge proff.no er stifta i 1991 er ei avdeling av Coop Sørvest og Vigdis Beisland er butikksjef.
I 2015 vart resultatet 250 000 i underskot, noko som førte til at det vart arrangert bygdemøte 8. juni 2016 for å drøfte situasjonen. I 2023 fekk butikken ei oppgradering, med solcellepanel på taket, nye LED-ljos, ny fruktdisk og nytt magnetskåp for sal av alkoholhaldige varer. Oppgraderinga var finansiert gjennom nærbutikkane sitt Merkur-program og noko tilskot frå Bygland kommune. I 2024 blei kassasystemet heilt nytt og heilautomatisert.
Kjelder
- Ole Birger Lien: 250.000 kr. i underskot i fjor. Artikkel i Setesdølen nr. 44, 2016 side 6
- Om Coop marked Ose hos proff.no
- Sigurd Haugsgjerd, På Ose kan du handle heile natta, artikkel i Setesdølen nr. 43, 2024, side 12