Grendi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. september 2011 kl. 09:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (avstand til Bygland sentrum)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grendi er ei bygd i sør Bygland kommune, men nord for Byglandsfjord. Bygda ligg 18 km sør for Bygland sentrum. Det er fleire verksemder i Grendi. Om ein kjem Riksveg 9 frå nord, kjem ein først til Grendi Handel på austsida av vegen. Like etter kjem ein til Årdal kyrkje, som ligg på vestsida av vegen. Like etter Årdal kyrkje er det eit vegkryss der vegen fører opp til Landeskogen. Heilt sør i Grendi ligg Almedal sagbruk.

Bygda hadde tidlegare barneskule. Den er no gjort om til grendehus. Staden hadde tidlegare postkontor med postnummer 4742 Grendi, no har bygda post i butikk.

Eksterne lenker