Halvard Oftedal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2014 kl. 10:31 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (personmal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvard Oftedal
Født: 20. mai 1980 (45 år)

Halvard Oftedal (fødd 20. mai 1980), busett på Oltedal i Gjesdal kommune, er heiesjef i Brokke driftehei. I tillegg er han bonde og tømrar på deltid. Han har vore heiesjef sidan 2007, då han som 26-åring vart den yngste heiesjefen nokon gong. Han har vore med sauene i heia kvart år sidan han som 14-åring var med for første gong.

Heime på Kjellebakken i Oltedal, garden som han kjøpte i 2008, har han 120 sauer og 20 ammekyr. Når han er i heia, nyttar han hytta ved Fosseknuten som hovudbase. Men på gjetarturane over heia nyttar han og ei hytte ved Bosbu og ei hytte ved Sandvatn.

Kjelde

  • Alf-Inge Lima: Travel heiesjef Artikkel i Gjesdalbuen 23. april 2008