Ketil Bø
Ketil Bø (fødd 20. mars 1940 i Valle) er administrerande direktør i Trollhetta AS, eit firma i Trondheim som driv med biletanalyse, kunstig intelligens og soft computing.
I utgangspunktet utdanna han seg til lærar ved lærarskulen i Kristiansand. Deretter var han i saniteten på Lahaugmoen i militæret før han i 1963 reiste til Kongo som FN-soldat. Då han kom heim, tok han vidareutdanning i gymnastikk. Deretter var han lærar i Finnmark og i Trondheim i fem år, før han begynte som forskar ved SINTEF. Samstundes tok han hovudfag i matematikk ved Den allmennvitenskapelige høgskole i Trondheim.
Eitt år som gjesteprofessor ved Southern Methodist University i Dallas, Texas var brotet i dei tolv åra han var forskar ved SINTEF før han i 1983 tok doktorgraden i informatikk ved Norges tekniske høgskole i 1983. Den handla om grafisk datahandsaming, tittelen var IGWS - integrated graphics workstation.
Ketil Bø er entreprenør og medentreprenør av sju dataverksemder, noko han har gjort ved sida av andre jobbar. Han var direktør for Stiftelsen for industriutvikling (SIU) frå 1982 til 1985. Han var førsteamanuensis i informatikk ved Den allmennvitenskapelige høgskole i to år frå 1991 og frå 1995 har han vore professor II i ei deltidsstilling ved NTNU.
Kjelde
- Fødselsdagsomtale i Aftenposten i høve 70-årsdagen 20. mars 2010