Marhyl
Marhyl er ein badeplass i Valle kommune. Han ligg i Otra, like ved Otra Kraft sitt hovudkontor. Ved Riksveg 9 er det opparbeidd ein grei parkeringsplass, og så er det nokre meter å gå frå parkeringsplassen til badeplassen.
På fine soldagar er badeplassen svært populær. I samband med at det vart opparbeidd parkeringsplass, kom det ønske om å få vassklossett i tilknytning til badeplassen. Det har ikkje kome, truleg på grunn av kostnadene. Det har og vore ønske om å få ei flytebrygge på badeplassen, på same måte som det er flytebrygge på badeplassen på Honnevje.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Her vil hylstringane ha flytebrygge. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 4