Olav T. Åkre
Olav T. Åkre, (fødd 11. juni 1941) var skulepsykolog og leiar for PPT Setesdal frå 1979 til 2011. Han er gift med Sissel Åkre og bur i Valle. Han er utdanna psykolog frå Universitetet i Oslo.
Dei seinare åra har han vore svært aktiv i å samle inn ord frå Valle gjennom vallemal.no, eit tiltak som Valle Mållag står for.
Verv
- Leiar for styret i Valle Sparebank sidan før 2000
- Leiar for styret i Setesdal Husflidssentral
- Leiar for styret i Setesdal Husflidsbygg
Kjelder
- Takka for 32 år i PPT. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 8