Inger P. Rysstad
Inger P. Rysstad (fødd 1. mars 1962) driv Rysstad Interiør & Kunst. Ho gjekk på Valle vidaregåande skule og tok eit år husstell og eit år vev før ho fekk arbeid på Øvre Otra frå 1980 til 1982. Deretter tok ho utdanning innan handel og kontor på Hornnes vidaregåande skule 1982/83 og Gimle vidaregåande skule i Kristiansand 1983/84 før ho fekk seg jobb i Valle kommune som sekretær på rådmannskontoret.