Straumsfjødd
Straumsfjødd eller Straumsfjellet, som det er kalt på mange kart, er ei langt fjellparti aust og nord for Straume i Hylestad. Fjellet strekkjer seg frå Andenapen til Kvernåni, som renn ned Straumsjuvet. Toppen i sør er 846 meter høg, toppen i nord er 766 meter høg. Oppe på fjellet ligg Fjelletjørnin, og aust for desse går Kraftlinja Holen - Skåreheia. Vestsida av Straumsfjødd styrtar bratt ned i Otra sør for Rysstad.
På Straumsfjødd stod siste veten i Setesdal. Han vart tent i 1870-åra av vanvare og brant då opp, skreiv Gunnar Rysstad i 1921 i boka Norske bygder - Setesdalen. Men ved inngangen til nytt tusenår vart veten bygd opp att og sett fyr på, det same skjedde med fleire andre veter i Setesdal.
Den bratte fjellveggen fungerer som varmefangar og gjev livsgrunnlag for eit stort biomangfald under fjellet. Området har den nordligste lokaliteten av lind i Setesdal. Det er også fleire sjeldne insekt her.
Kart
<googlemap version="0.9" lat="59.075683" lon="7.580051" type="terrain" zoom="13" width="400"> </googlemap>