Fjellestad hyttefelt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. april 2011 kl. 13:41 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Fjellestad hyttefelt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjellestad hyttefelt er eit hyttefelt som grunneigar Kurt Røysland har lagt ut for høgstandard-hytter på Moisund i Evje og Hornnes kommune. Feltet har 17 tomter med tomtepriser frå 390.000 kroner til 520.000 kroner inkludert veg, vatn, kloakk og straum. Feltet ligg bare 55 km frå Kristiansand, så folk som vil ha kort veg til hytta, har kjøpt seg tomter her, ettersom området er rimeleg snøsikkert om vinteren og i tillegg høveleg å bruke elles i året.

Kjelde

  • Ole Birger Lien: Berre 12 tomter att for sal. Artikkel i Setesdølen nr. 30, 2011 side 23