Anders Sårheim
Anders Sårheim (fødd 1971) er distriktssjef for NRK Sørlandet. Han tok til i jobben i 2010 etter å ha vore konstituert ei tid. Det var sju søkarar til stillinga, som var lyst ut to gonger i 2009. I tillegg nytta NRK rekrutteringsfirmaet Hodejegerne for å finne kandidatar.
Før han vart distriktsjef, arbeidde Anders Sårheim som redaksjonssjef i NRK Sørlandet dei to siste åra. Han kom til distriktskontoret i 2000 og har vore reporter i radio og TV. Han har og vore programleiar i radio og vaktsjef, så han kjenner arbeidet på distriktskontoret frå alle sider. Anders Sårheim fekk utdanninga si på Mediehøgskolen Gimlekollen.
Kjelder
- Terje Sellevold: Ny sjef i NRK Artikkel hos NRK Sørlandet 15. januar 2010.