Valle folkebibliotek
Valle folkebibliotek held til i det gamle kommunehuset i Valle. Biblioteket er har og ei avdeling på Rysstad. Til saman er arealet 442 m2. Total utlånstid er 22,5 timar i veka i 45 veker. Lisbeth Dahlquist Homme er biblioteksjef i Valle.
Valle folkebibliotek arrangerer bokkveldar og har eit godt samarbeid med skulane i kommunen. Dei arrangerer og ein lesesirkel i samarbeid med Aust-Agder fylkesbibliotek i serien «Agder les nordisk». Biblioteket skaffar bøker frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølv. Det er og med i ei ordning som gjer at du kan låne ei bok i Valle og levere den inn kor som helst i landet.
Opningstider
- Valle
- Tirsdag 11:00 - 15:30
- Onsdag 16:00 - 19:00
- Torsdag 13:00 - 19:00
- Hylestad
- Måndag 13:00 - 19:00
- Onsdag 11:00 - 15:00
Statistikk
2008
- Bøker: 27792
- Lydbøker: 952
- Musikk: 968
- Film: 727
- Utlån
- Born: 3951
- Vaksne: 5384
- Totalt: 9335